Hopp til innhold

Jakta på det perfekte biletet blir tv-dokumentar

Fotograf Thomas Morel frå Feios er hovudpersonen i ein dokumentar som blir å sjå både på norsk og nederlandsk TV neste år.

Thomas Morel på Vikafjellet

JAKTAR PÅ DET PERFEKTE BILETET: Fotograf Thomas Morel

Foto: Privat

– Først og fremst er det veldig kjekt. Eg har tidlegare vore med i ulike program med forskjellig prosjekt, men då har det vore individuelle prosjekt. Her blir det mykje meir personleg, eit slags portrett seier Morel.

Filmen om Morel, "jakta på det perfekte bildet", har no fått 250.000 kroner i støtte frå Vestnorsk Filminstitutt.

– Dei har vore fluge på veggen, men og spurt meg om å gjere ting på nytt igjen, dersom eg har hatt tid til det. Eg tenker at det her er ei historie som skal fram, og er ikkje så oppteken av at akkurat den historia handlar om meg. Så eg er meg sjølv på godt og vondt.

Opp- og nedturar

I litt over eitt år har bergensbaserte Pandora Films fotfølgt Morel. I ein alder av 27 år har han allereie ei internasjonal karriere innan foto og vise. Sjølv har han vore oppteken av dokumentaren ikkje skal vere noko solskinshistorie, men fortelje både om opp- og nedturane.

– Eg tykkjer det er viktig å ikkje berre vise oppturane. Når folk gjer suksess, då har ein nesten ikkje lov til å seie at av og til så går det ikkje så bra.

Bryte eit tabu

– Alle som har oppnådd noko i livet, har på eit eller anna tidspunkt også møtt motgang. Eg sjølv tar meg i at når eg har dei største oppturane, så kan eg plutseleg berre går rundt og tenke på den vesle detaljen som gjekk feil, seier Morel.

For sjølv om 27-åringe har gjort suksess, og mellom anna er ambassadør for den anerkjende kameraprodusenten Hasselblad, så har han også hatt sin del av nedturar.

– Det er sjølvsagt regissøren som bestemmer kva som er interessant i forhold til fokus. Men målet mitt er fått litt meir openheit om psykiske problem. Du treng ikkje brekke eit bein for ha det vondt. Det skal vere lov slite litt av og til. Med ein gong ein får lov til det, så merkar eg at det vert lettare å kome seg opp igjen, seier Morel.