I går stod Island for ein av dei mest oppsiktsvekkande prestasjonane i eit europameisterskap i fotball på lang tid. Nasjonen med drygt 300 000 innbyggjarar slo ut fotballstormakta England i åttandedelsfinalen.
For Kristin Audardottir Oldeide var kampen litt ekstra spesiell. Ho er nemleg saman med ein engelskmann. Men, forholdet skal nok overleve resultatet.
– Han tok det eigentleg ganske fint, men det var nokre forsøk på å skylde på at Island drog litt mykje i trøyene og slikt. Men eg sa berre det at vi er vikingar. Vi har litt meir testosteron, seier Oldeide. Ho legg til at det neppe blir nokon skilsmisse med det første.
Hunden åt opp pizzaen
– På det siste målet skreik eg så høgt at hunden skvatt. Då hoppa han opp på meg og dermed fauk glaset ned frå bordet og sølte vatn overalt. Då fant han ut at det var ein fin anledning til å forsyne seg grovt av pizzaen, ler Kristin Audardottir Oldeide.
Ho er ikkje den einaste islendingen i fylket som i dag vakna opp til sigersrus.
– Laget har vist at alt er mogleg, fortel Johann Throstur Sigurdsson frå Stryn. Han vaks opp på sagaøya, og flytta til Noreg då han var 9 år. I går var heile familien samla for å sjå oppgjeret under EM i Frankrike.
– Heile familien var på Isehaug kafeteria, og vi fekk sjå kampen på storskjerm. Det var grei stemning, fortel Sigurdsson.
– Skal vinne heile skiten
No møter islendingane vertsnasjonen Frankrike i kvartfinalen. For Johan Sigurdsson kunne det knapt passa betre.
– Eg og familien skal på ferie til Island og skal vere der i ni dagar. Vi har snakka om at dersom Island skulle vinne mot England, så rekk me kvartfinalen i Reykjavík. Så vi skal sjå kvartfinalen på torget der på søndag, og det gler vi oss veldig til, seier Sigurdsson.
Men sjølve kampen fryktar han blir for tøff.
– Eg er redd for at dei har brukt for mykje krefter og tapar mot Frankrike. Men ein veit aldri med det laget, dei har faktisk trua på at dei vinn EM.
Kristin Audardottir Oldeide er litt klarare i si tale.
– No skal vi vinne heile skiten, ler ho.