Hopp til innhold

Involverte ni personar i ulukke – får 5.000 i bot

Ei kvinne i slutten av tenåra må betale 5.000 kroner i bot etter ei alvorleg trafikkulukke ved Hjelle i Eid i sommar.

Trafikkulykke ved Hjelle

NI INVOLVERTE: Ni personar var involverte i trafikkulukka ved Hjelle i Eid. No har ei ung kvinne fått 5.000 kroner i bot.

Foto: Øystein Torheim / NRK

I alt ni personar var involverte, av desse vart fem personar sendt til sjukehus , etter at tre bilar støytte saman på E39 i Eid.

– Truleg har den eine bilen kome over i feil køyrebane, opplyste operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Dette er også konklusjonen etter at politiet no seier seg ferdige med etterforskinga. I førelegget som kvinna har fått etter ulukka, kjem det fram at ho ikkje såg den møtande bilen då ho svinge av vegen.

Bilen vart slengt rundt og krasja med ein tredje bil, skriv politiet. I tillegg til personskade, vart det omfattande materielle skader på køyretøya.

Kvinna vart fråteken førarkortet på staden etter ulukka. Ho har allereie vedteke bota.