Hopp til innhold

Ni personar involverte i ulykke på E39

Fem personar vart frakta til Førde sentralsjukehus etter at to bilar kolliderte front mot front på E39 ved Hjelle aust for Eid i ettermiddag.

Bilulukke Hjelle

ULYKKE: To bilar kolliderte på E39 på Hjelle i Eid kommune.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Alle pasientane som vart sendt til Førde sentralsjukehus er vurdert som lettare skadd, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

– Dei resterande involverte vart sendt til Nordfjord sjukehus for behandling av lettare skader eller legesjekk, sa operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Espen Gulliksen, etter at bergings- og oppryddingsarbeid var ferdig.

Ifølgje pressemeldinga vert dei to personane som vart sendt til Nordfjord sjukehus vurdert flytta over til sentralsjukehuset i løpet av ettermiddagen.

(Artikkelen held fram under videoen)

To bilar kolliderte på E39 på Hjelle i Eid kommune. Ni personar var involvert i ulykka.

SJÅ VIDEO: To bilar kolliderte på E39 på Hjelle i Eid kommune. Naudetatane fekk melding om ulykka 14.44. (FOTO: Gro Ravnestad)

Front mot front

Ni personar var involverte i ulukka, og ifølgje politiet skal årsaka truleg vere at den eine bilen ha kome over i feil køyrebane.

– Det var ei ulykke mellom to bilar som har frontkollidert. Totalt er ni personar involverte. Truleg har den eine bilen kome over i feil køyrebane, seier Gulliksen til NRK klokka 16.15.

Eit førarkort er førebels kverrsett, og saka vert vidare etterforska.

– Vi kjem til å avhøyre partane for å vere heilt sikre, seier operasjonsleiaren.

Tidlegare på ettermiddagen var tre av dei involverte, to jenter på 11 og 17 år og ein gut på 16 år, vurdert som alvorleg skadde. Seinare vart skadeomfanget nedgradert.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulykke på E39

KRAFTIG STØYT: Spesielt det eine køyretøyet ber preg av å ha fått seg ein kraftig støyt.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Vegen er open

Ulykka skjedde på E39 ved Hjelle, like aust for Nordfjordeid og vart meld klokka 14.44.

Alt tilgjengeleg mannskap vart sendt til staden, eit luftambulansehelikopter, Sea King helikopter og fire ambulansar var involvert i redningsarbeidet.

Vegen vart opna for trafikk kring klokka 15.50.

– Bergingsarbeidet er ferdig. Bilane er køyrt vekk og personane er sendt til sjukehus, seier Gulliksen til NRK like etter klokka 16.00.

Trafikkulykke ved Hjelle

FULL UTRYKKING: Alt tilgjengeleg hjelpemannskap er send til staden.

Foto: Øystein Torheim / NRK
Hjelle