Hopp til innhold

Intervju med lokalavisa resulterte i spelenekt og ultimatum

SOGNDAL (NRK): Etter eit intervju med lokalavisa fekk Jannike Orrestad Andersen (21) spelenekt. No reagerer fleire på behandlinga av den unge fotballspelaren.

Jannike Orrestad Andersen

FORTVILT OVER SITUASJONEN: Vegen frå årets spelar til å spelenekt blei for Jannike Orrestad Andersen kort etter eit intervju med lokalavisa.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

I slutten av november vart Andersen årets spelar på Kaupanger sitt damelag. Onsdag denne veka var klubbstyret usikre på om ho lenger var ønska i klubben.

Kva skjedde i mellomtida? Svar: Eit intervju i Sogn Avis.

Det var same avis som fyrst omtala denne saka.

– Eg fekk spørsmål om kva eg tenkte om vegen vidare, noko eg tenkjer er normalt at ein journalist spør om, seier ho.

Då svara ho følgjande:

«Eg er rett og slett litt usikker på framtida. Det blir mykje nytt og me veit ikkje heilt kven av spelarane som blir med vidare (...). No er fokuset først og fremst å fullføra utdanninga. Eg kjem sikkert til å spele litt fotball, men å bruka så mykje tid på det, veit eg ikkje om eg orkar.»

Så kom den første tekstmeldinga frå leiar for damelaget i Kaupanger Fotball, og deretter ein telefon.

Ifylgje Andersen var meldinga klar: Treningsnekt og munnkorg innan ho gjorde bot og gjennomførte eit møte med ein representant frå styret i klubben.

– Beskjeden var: Anten så møtte eg opp, elles var eg ferdig som Kaupanger-spelar.

NRK har vore i kontakt med representantar i styret til Kaupanger fotball, som ikkje ønskjer å stille til intervju. I ein e-post til Sogn Avis omtaler leiar Trine Lerum Hjellhaug saka som «kjedeleg»:

«Det er rett at styret stilte spørsmål ved deler av utsegna i avisa (...). Sjølve innhaldet i saka ønskjer me ikkje å kommentera då det ikkje gagnar nokon å bruke avisa til dette», skriv Hjellhaug til Sogn Avis.

– Reaksjonen heng ikkje saman

Solveig Gulbrandsen, fotballekspert i TV 2 og tidlegare landslagsspelar, er gjort kjend med sitata til Andersen.

Ho ser ingenting som skulle tale for så sterke sanksjonar frå klubben:

– Eg tenker at klubbar skal vere glade for at nokon vil stikke hovudet fram og seie kva dei meiner, seier ho.

På generelt grunnlag legg ho til at det er «viktig å ikkje skvise ut dei som har meiningar, men heller setje pris på fleire personlegdomar i eit lag».

Ho får støtte frå Norske Idrettsutøvarars Sentralorganisasjon (NISO):

– Eg tykkjer ikkje reaksjonen heng saman med det ho har sagt, seier kommunikasjonsansvarleg Thomas Kristensen til Sogn Avis.

Ulike standardar for kvinner og menn

Tidlegare i haust gjekk Eirik Bakke ut med eit hjartesukk om at folk i Sogndal «ikkje vil klubben vel» og varsla at hans tid som trenar for klubben snart var forbi:

– Eg brukar ikkje totre år til av livet mitt på å berre vera her, sa han.

Utspelet vakte ein viss oppsikt, men ingen sanksjonar frå klubben. I november varsla Bakke at han vil snakke «meir frå levra i tida som kjem».

– Jo dårlegare forhandlingsposisjon man er i, jo meir må ein rette seg etter ganske rigide retningslinjer for kva man snakkar med media om, seier idrettssosiolog Arve Hjelseth.

Han seier «fleire ville reagert» om «Jannike-saka» dreidde seg om ein mannleg fotballspelar, og viser til at «toppspelarar på herresida har meir makt og innflytelse».

– Kvinnene har dessverre ein lågare standing når det gjeld sånne ting.

I tillegg kan djupe, kulturelle forventningar spele inn, seier han.

– Med utgangspunkt i stereotypiar knytt til kjønn kan det vere forventa at kvinner skal vere meir medgjerlege, underdanige og audmjuke. Medan ein assosierer det å protestere og gjere oppgjer mot reglar som ein maskulin eigenskap.

– Ein stor del av livet mitt

Tilbake i Sogndal har Jannike Orrestad Andersen fått summa seg. Det har vore «ei spesiell veke», seier ho:

– Det har rett og slett vore trist. Kaupanger har vore ein stor del av livet mitt dei siste seks åra. Eg føler eg har bidrege med alt eg kan, så får eg dette slengt i trynet.