Internasjonal bronse for Fannemel

20-åringen Anders Fannemel frå Hornindal fekk sitt internasjonale gjennombrot som skihoppar i dag.

Anders Fannemel

STERK PRESTASJON: Anders Fannemel hoppar stadig betre.

Foto: Jon-Michael Josefsen / Scanpix

I dag presterte han eit kjempehopp i Almaty i Kasakhstan og kom på 3. plass. Han låg som nummer to etter 1. omgang.

Dette er hans første pallplass i karrieren i eit internasjonal renn. Han har imponert stort dei siste dagane med 7. og 4. plass under sommar-Grand Prix-renna i Japan.

Håper på fleire verdscuprenn

Det unge hopptalentet seier til skiforbundet.no at han stadig hoppar betre og at han har blitt meir stabil.

– Dette er utruleg moro. No berre nyt eg hoppinga, seier han.

Skihopparane håper at med slike gode resultat, så får han fleire moglegheiter i verdscupen til vinteren.

Får skryt

Sportssjef Clas Brede Bråthen seier Fannemel kan bli ein av verdas beste skihopparar.

– Han har jobba hardt dei siste åra og har det rette vinnarinstinktet. Dette ser ut til å bli ein spennande sesong, seier han.

Det var hopparane Jurij Tepes og Jure Sinkovec frå Slovenia som tok dei to første plassane. Tom Hilde enda på 10. plass.