Hopp til innhold

Hoppar teken ut til junior-VM

Anders Fannemel er teken ut til junior-VM for andre året på rad.

Anders Fannemel

TIL VM: Anders Fannemel skal representere Norge under junior-VM i skihopping.

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

- Det var ein gledeleg beskjed å få. Eg hadde jo håpt på å få bli med, seier Fannemel til NRK.no.

Honndølen deltok i junior-VM også i fjor, men han har ikkje sett seg konkrete mål for årets meisterskap.

Nummer tre i norgescup

Fannemel hadde sist sesong eit nasjonalt gjennombrot, og nærma seg i løpet av vinteren ein diskusjon om ein landslagsplass. Denne sesongen har det gått noko tyngre, men i det siste har det byrja å losne litt for talentet frå Nordfjord.

- Eg har ikkje greidd å kvalifisere meg til verdscupen, men har hoppa ein del i COC-cupen og i norgescupen, seier Fannemel.

Han vart førre helg nummer tre i eit renn i norgescupen, og håpar no at VM-formen er på veg.

Har sett fylket på hoppkartet

Årets junior-VM vert arrangert i Otepää kommande helg, og det står ein individuell konkurranse og laghopping på programmet.

- Vi har ikkje fått vite kven som skal hoppe. Det er offisiell trening onsdag og torsdag, og så blir laget teke ut etter det, seier Fannemel.

Då han i fjor deltok i junior-VM, var han den første frå Sogn og Fjordane på svært mange år som deltok i eit internasjonalt meisterskap.

- Anders Fannemel har sett Sogn og Fjordane på hoppkartet, seier Yngve Thorsen i skikrinsen.