- Me treng ein leiar med erfaring og tyngde, nettopp det har Aarethun, seier Magne Grøttebø, medlem i valnemda i Lærdal Ap, til
.Han stadfester at den tidlegare lærdalsordføraren og fylkesordføraren er innstilt til å ta over vervet etter Arne Sanden.
Fleire namn svirra
Etter striden mellom lærdalsordførar Arne Sanden og rådmann Bent Arild Grytten, gjekk Aarethun ut og sa at same person ikkje burde vera ordførar og leiar for eit parti samstundes.
Les også:
Les også:
Seinare vart det kjend at Arne Sanden kom til å trekkja seg som leiar for Lærdal Arbeidarparti. Fleire namn vart nemde som moglege etterfølgjarar, mellom andre Hadle Blikra.
Les også:
Men no innstiller altså valnemda i partiet Knut o. Aarethun som ny leiar.
Lærdal Arbeiderparti held årsmøte på Lærdalsøyri fyrstkomande måndag.