NRK Meny
Normal

Innbyggjarane er provoserte over hoppet i eigedomsskatten

SOGNDAL (NRK): I Sogndal har mange late seg provosere av at eigedomsskatten i år har blitt dobla. På møtet i kveld forsøkte kommunen å forklare den kraftige auken frå i fjor.

Skattesjokk i Sogndal

STORT OPPMØTE: Mange hadde møtt fram til kommunestyresalen i Sogndal. Her skulle kommunen informere om kvifor eigedomsskatten har fått ein slik kraftig auke.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Arild Viken er ein av mange i Sogndal som let seg provosere av at kommunen ved nyttår auka eigedomsskatten kraftig. I snitt utgjer det meir enn ein dobling frå i fjor til i år.

– Kvifor endra på eit system som alt fungerer, spør han.

Arild Viken på informasjonsmøte

KRITISK RØYST: Arild Viken frå Sogndal er ein av fleire som let seg provosere av auken i eigedomsskatten.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

La om utrekningsmodell

Det er ti år sidan eigedomane i kommunen sist vart takserte og sidan då har prisauken vore formidabel. Når kommunen no går over til ein ny modell for utrekning av eigedomsskatten, vil den bli justert kvart år.

Men i år har innbyggjarane i Sogndal fått seg eit formidabelt skattesjokk og det er nettopp det ordførar Jarle Aarvoll håpar å unngå i framtida.

– Så har eg stor forståing for at ein helst kunne tenkt seg at auken vart fordelt jamt undervegs, og med det nye systemet vil ikkje dei tiårsbolkane slå inn lenger, seier han.

Ordførar i Sogndal Jarle Aarvoll

NYTT SYSTEM: Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, seier dei har innført ein ny skattemodell, som gjer at ein vil unngå liknande hopp i framtida.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Sparer store summar på omlegginga

Før vart verdien fastsett av ein takstmann. No vil verdien bli justert etter marknadsverdien på bustader i området.

Det nye systemet vert dermed enklare og billigare for kommunane. Aarvoll ventar at fleire vil ta denne i bruk i framtida.

– Dei fleste kommunane som innfører eigedomsskatt bruker denne metoden. Og kommunar som etter tiårsperioden skal gjere ny berekning, trur eg vil gå over til dette systemet her, seier han.

Hans Christian Hansen på informasjonsmøtet

BETENKT: Hans Christian Andersen reagerer på at enkelte eigedomar har fått ei urealistisk høg verdivurdering etter omlegginga.

Foto: Sogn og Fjordane / NRK

Fleire på møtet reagerte på at husa deira vart verdsett urealistisk høgt. Hans Christian Hansen er ein av dei som har merka seg at det ofte er store sprik.

– Naboen får mindre eigedomsskatt enn du, sjølv om han sit med sit med tilsvarande stor leilegheit og alt er likt. Vi får ha tiltru til at Sogndal kommune greier å løyse dette her slik at den urettvisa som innbyggjarane opplever vert retta opp, seier han.

Skulle hatt betre tid

På møtet var ein representant frå skatteetaten på plass for å informere om endringane. Sjølv økonom Terje Mundal frå Fjærland sleit med å hengje med. Han meiner innbyggjarane burde fått betre tid til å sette seg inn i det nye systemet og eventuelt klage på ting dei meiner er feil.

– Det blir mykje omgrep og folk veit ikkje kven dei skal vende seg til for hjelp. Konklusjonen min er at ein skulle hatt betre tid.

Ordføraren forstår godt at det nye systemet kan vere vanskeleg å setje seg inn i for mange.

– Det er heilt tydeleg at det er eit stort informasjonsbehov. Det er difor vi hadde dette møtet i kveld, for å svare på spørsmål.

Terje Mundal på informasjonsmøtet

TRENG MEIR TID: Terje Mundal frå Fjærland meiner innbyggjarane burde fått betre tid til å sette seg inn i det nye systemet.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.