Ingrid Anne livnærer seg som frilansskodespelar, og reiser no til Oslo og Tromsø. Men ho er tilbake i Sogn og Fjordane til Kinnaspelet i juni, og skal vere med på ei oppsetting på Sogn og Fjordane Teater neste haust.
Ingrid Anne Yttri er stolt over å kome frå Sogn, og er svært oppteken av å ta vare på den språklege identiteten sin, sjølv om ho som skodespelar må ta i bruk mange ulike dialektar.
I Onsdagsportrettet fekk vi mellom anna høyre henne som "skuespillerinnen Sally", som får eit litt sjokkarta møte med fjella i Sogn.