Ingenting til Glopperock

Fylkesdirektøren rår til at Gloppen Musikkforum ikkje får pengestønad til Glopperock-festivalen 2006.

Musikkforumet hadde søkt om 100.000 kroner. I tilrådinga til hovudutvalet for kultur blir det lagt vekt på at fylkeskommunen i første rekkje vil støtte nye prosjekt. I tilrådinga har ti andre kultur-prosjekt fått stønad.