Hopp til innhold

Ingen villrein var sjuke

Det er ikkje funne villrein med skrantesjuke under årets jakt. Det er klart etter at Veterinærinstituttet har testa mottekne prøver frå 560 dyr som blei felt på Hardangervidda og i Nordfjella sone 2. – Det betyr likevel ikkje at områda kan friskmeldast, seier koordinator Jørn Våge. Skal desse områda bli erklærte som frie for skrantesjuke innan fem år, trengst det eit høgare jaktuttak for å få tatt nok prøvar.

Prøver for skrantesjuke til analyse.
Foto: Kjartan Rørslett / NRK