Normal

Ingen valkamp for «De Grønne»

Miljøpartiet De Grønne droppar fylkesvalkampen etter at førstekandidaten blir buande i utlandet og andrekandidaten ikkje har tid til å drive valkamp.

Valgurne

STILLER LISTE: Miljøpartiet De Grønne stiller liste, men vil ikkje vere særleg aktive før stemmesetlane skal i valurna 12. september. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Fylkesleiar Monica Gjesdal Larsen seier situasjonen er beklageleg.

– Vi har kome i ein uheldig situasjon der vår førstekandidat trekte seg tidleg i sommar, og andrekandidaten gav tidleg beskjed om at han ikkje har moglegheit til å delta i valkampen fordi han snart skal bli far, seier ho.

Liste, men ikkje valkamp

Førstekandidaten til partiet, Anne Viken, trekte seg ifølgje partiet frå valkampen i sommar fordi ho blir buande i Sverige etter å ha fått eit jobbtilbod.

Den omstridde debattanten og journalisten hadde lova å drive fylkesvalkampen for det vesle partiet.

Sjølv hevdar Viken at ho ikkje har trekt seg, og at ho vil drive valkampen frå Sverige.

Anne Viken.

FØRSTEKANDIDAT: Anne Viken.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Held fram med lista

No har også andrekandidat Kristoffer Ullern Hansen trekt seg. Han skal bli far og stilte i utgangspunktet som listefyll. Det har partileiaren forståing for.

– Vi stiller liste, den var sendt inn så den beheld vi. Vi har eit valprogram, men vi har ikkje moglegheit til å drive aktiv valkamp, seier ho.

Små ressursar

Partisekretær Frode Grimelid seier det var rett av Anne Viken å bli i Sverige.

– Ho fekk eit veldig bra jobbtilbod og tykkjer det er heilt rett at ho held på den.

– Men det sette jo dykk i ein vanskeleg situasjon?

– Nei, vi visste på førehand at vi ikkje ville kunne drive ein heilt fullverdig valkamp på grunn av våre ressursar. Vi stilte til val fordi vi ynskjer å vise eit alternativ slik at vi på sikt kan byggje ein sterkare organisasjon, seier han.

Vil ikkje fordele skuld

Grimelid vil ikkje fordele skuld for å ha kome i ein slik situasjon, ettersom dei heile tida har vore klar over at dei har avgrensa ressursar til å drive valkamp.

– Det beste ville jo vore om De Grøne var eit stort parti som var i stand til å drive fullverdig valkamp. Per i dag er det ikkje slik, og vi kan ikkje drive å leggje skuld på enkeltpersonar, seier han.

Overfor NRK meiner professor Frank Aarebrot at framferda frå partiet er useriøs.

Vegopning på Bergum i Førde kommune