Hopp til innhold

Ingen sure miner for hotell og gratis brus

Speidarane frå Kaupanger vart booka inn på hotell i Bergen, då det viste seg at flyet deira var bestilt til ein annan dag. Det var det ingen av dei som protesterte på.

speidertur

PÅ HOTELL: Denne gjengen frå Kaupanger blei berre glade då dei fekk hotellovernatting etter ein bookingfeil med flyet deira. Frå venstre: Tora Ørnes Tvedt, Hrafnhildur Sverrisdottir, Linn Hundershagen, Matthias Paetzel, Birthe Lerum Hjellaug, Emil Andre Grønsberg og Kristi Vedvik.

Foto: Privat

– Vi vart litt forvirra, for vi visste ikkje kva vi skulle gjere, seier Linn Hundershagen.

Reisefølget på 41 speidarar hadde køyrt 22 mil, frå Kaupanger til flyplassen i Bergen. Men der viste det seg at flyavgangen deira ikkje eksisterte. Medan speidarane frå Bergen måtte vende nasen heim igjen, fekk gjengen frå Kaupanger påspandert hotellovernatting.

– Det er berre kjekt

Turen skulle gå til Bodø og landstreff for speidarar. Reiseselskapet tok på seg all skuld for at flyet var blitt feil-booka, og ordna med overnatting under luksuriøse forhold for speidarane. Det synest speidarane var berre kjekt.

– Dette er ein veldig god måte å starte leiren på. Litt luksus og gode senger før vi skal bu i telt i ei veke, seier Hrafnhildur Sverrisdottir.

glade speidarar

PÅ TUR: I reisefølget er det 41 speidarar. Den yngste er 12 og, og den eldste er snart 70.

Foto: Privat

I tillegg fekk dei gratis brus og sjokolade som plaster på såret. Det hjelper når dei no må stå opp ekstra tidleg for å rekke den nye flyavgangen.

– Det blei ei veldig god løysing på problemet, så det går heilt fint å stå opp klokka seks i morgon tidleg, seier Birthe Lerum Hjellaug.

Speidarleiar, Matthias Paetzel, trur ikkje det blir noko problem å ha med denne gjengen å gjere på hotellet ei natt. Ifølge Paetzel er dei disiplinerte.

– Eg stolar på speidarane mine. Om vi seier dei skal legge seg klokka 23, så gjer dei det, seier han.