Hopp til innhold

Ingen sol i sikte

Juli var ein våt månad, slik startar august også. – Bygg tak over terrassen, seier meteorologen.

– Kort og greitt oppsummert så blir det ustabilt, dårleg sommarvêr. Vi får ein god del regn og regnbyer. Dette gjeld heile landet, ikkje berre Sogn og Fjordane.

Geit Ottar Fagerlid snakkar om vêret den kommande veka. Han er meteorolog ved Meteorologisk institutt i Bergen.

Vil ikkje svartmåle

– Det er for tidleg å seie noko om korleis august blir, sommarvêret er ustabilt og kan snu fort. Akkurat no ser vi ingen endringar i vêrsituasjonen, seier Fagerlid.

Neste veke er temperaturen venta å ligge på rundt 15–20 gradar på dagtid.

– Ein vil oppleve det som heilt greitt ver, men veldig fuktig. Det blir bygevær med opphald innimellom, men ikkje nok til at det vil tørke opp.

Meteorologen seier det ikkje er noko grunn til å svartmåle situasjonen.

– Det blir heilt ok, så det er ingen grunn til å svartmåle. Ein kan fint vere ute, så lenge ein planlegg og kler seg godt. Elles kan ein bygge tak over terrassen, spøkar han.

Den nye standarden

Den kommande veka forlèt vi juli og går inn i august. Den store feriemånaden har ikkje vore særleg sommarleg, men slik er kanskje det nye sommarvêret, ifølgje Fagerlid.

– I juli har det vore typisk sommarvêr, vekslande og ustabilt. Temperaturen har vore på normalen og det har vore godt med nedbør.

Geir Ottar Fagerlid

METEOROLOGEN: Geir Ottar Fagerlid er meteorolog ved Meteorologisk institutt i Bergen.

Foto: Meteorologisk Institutt

Geir Ottar Fagerlid seier at det sidan 2010 har det vore mange slike somrar, med dårleg sommarvêr.

– Juli i 2014 og juni i fjor var bra, men dette er avviket. Standarden liknar meir på det vi har hatt denne sommaren.

Det er heilt lov å vere misnøgd med som vêret som har vore denne julimånaden.

– Ein har god grunn til å vere misnøgd med sommarvêret, men dette er nok ein sommar på det jamne, seier han.