Hopp til innhold

Ingen draumar er for store

Då han var 22 år gamal fann Saye-Maye Cole, "Sai-Mai", heimen han hadde sakna og lengta etter, på Osen i Gaular. Men vegen dit hadde vore lang.

22 år gammal kom "Sai-Mai" frå ein SOS barneby til den internasjonale skulen i Fjaler. No jobbar han som rådgjevar for regjeringa i heimlandet Liberia. Denne veka var han tilbake i Norge for å takke gode hjelparar - og fortelje dagens elevar om at ingen draumar er for store.

I videoen under kan du høyre heile den dramatiske livshistoria til Sai-Mai, som inkluderer to brutale borgarkrigar, fem mødrer, ein far som døydde tidleg, faren for å bli barnesoldat, SOS barnebyar og ein tur innom Gambia. Dette skriv "Sai-Mai" sjølv svært levande om i denne kronikken hjå NBC News.

I 1998 kom han til Flekke, til United World College, og var der i det han sjølv beskriv som dei to beste åra av hans liv. No jobbar han som rådgjevar for regjeringa i heimlandet Liberia.

34-åringen hadde fleire mål med turen tilbake til Norge: Han var i Oslo heldt føredrag og var med på feringa av SOS-barnebyar sine 50 år i Norge

Og i går var han tilbake i Flekke, på skulen han forlèt i 1999. For å takke gode hjelparar. Og for å fortelje dagens elevar: Ingen draumar er for store.

Saye fortel om livet: heile reisa frå ein oppvekst der han mista faren og stod i fare for å verte barnesoldat, fram til toppjobb i heimlandet i dag.