Hopp til innhold

Ingeborg er Torp sin ukjende helt

I dagens Dagbladet etterlyser Brann-spelar Carl Erik Torp ei kvinne som han vil rette ei spesiell takk til.

Carl Erik Torp blir boren av bana på Fosshaugane.

DRAMATISK: Carl Erik Torp blir boren av bana etter å ha fått hjartestans på Fosshaugane. I dag etterlyser han kvinna som tok hand om han då han vakna. Ho heiter Ingeborg Elvagjeng og går heilt framme ved båra.

Foto: Rune Fossum / NRK

Den 27 år gamle fotballspelaren hugsa kvinna godt frå då han segna om med hjartestans på Fosshaugane under eliteseriekampen mot Sogndal.

– Eg veit framleis ikkje kven det er, men eg skal syte for å finne henne og få takka ho og dei andre som hjelpte meg ordentleg, seier Torp til Dagbladet.

Vil aldri gløyme

Den ukjende helten viste seg å ikkje vere veldig vanskeleg å spore opp. Ingeborg Elvagjeng (45) har i 27 år vore med i Sogndal Røde Kors Hjelpekorps. Dei siste 25 åra har ho frakta mange fotballspelarar av grasmatta i Sogndal på bore.

Elvagjeng er veldig interessert i fotball, men seier ho aldri vil gløyme eliteseriekampen søndag 25. september. Elvagjeng har aldri før vore med på ein hjartestans.

– Dette blir nok kampen eg vil hugse aller best. Hjartestans er noko du ikkje trur og har lyst til skal skje. Men når det først skjer, så er det godt at det går bra, seier ho.

– Eg var ikkje åleine

– Det var dramatisk, men eg var ikkje åleine om dette. Vi var fire i hjelpekorpset, det var legen til Brann og mannskapet på ambulansen, legg ho raskt til.

Carl-Erik Torp i sykesengen

TAKKSAM: Carl-Erik Torp si fotballkarriere er over, men han er takksam for hjelpa han fekk på Fosshaugane.

Foto: Brann-TV

Frå hjelpekorpset i Sogndal var Albert Olav Fedje, Olav Paul Jakobsen og Sveinung Stenehjem også med på å berge livet til Torp. Det er likevel den 45 år gamle Elvagjeng han hugsar best etter kaoset i kjellaren på Fosshaugane.

– Ho heldt handa mi, strauk meg og snakka til meg. Det var mange som hjelpte til, og eg har fått høyre at denne kvinna var med på å redde livet mitt, seier Torp til Dagbladet.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Hjartestartar berga livet til Brann-spelar

SJÅ: Hjartestartar berga livet til Brann-spelar.

Må haldast roleg

Elvagjeng stadfestar at ho truleg var den første Torp såg då han vakna etter hjartestansen.

– Kroppen blir utsett for ei hard belastning i ein hjartestans. Då er det om å gjere å få hjartet til å jobbe så roleg som mogleg. Eg prøvde å halde han roleg og sa til han at «dette går bra», seier ho og endå ein gong presiserer at ho ikkje var åleine om å berge livet til Torp.

– Alt fungerte

– Men det er fint at han er takksam og gild for hjelpa vi gav han. Og at han føler han fekk hjelp av oss, seier ho.

– Når det først går så gale, så er det godt å sjå at teamarbeidet fungerer. Doktoren gjorde sitt, ambulansen sitt og vi i hjelpekorpset gjorde vårt. Vi visste kva vi måtte gjere, tok tak i det og alt gjekk veldig fint og roleg føre seg, seier ho.