Hopp til innhold

Har det «bra» etter hjartestansen

Carl-Erik Torp skal etter forholda ha det bra etter at han fekk hjartestans heilt mot slutten av det intense oppgjeret mellom Sogndal og Brann.

Carl-Erik Torp vart liggjande med hjartestans

KJEMPA FOR LIVET: Carl-Erik Torp fall saman med hjartestans under kampen mellom Sogndal og Brann.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Carl-Erik har sove godt i natt og har det etter forholda bra. Når den vidare utgreiinga er avslutta, vil vi få ein rapport om kva som eigentleg har skjedd og korleis utsiktene ser ut vidare, seier mediesjef Gorm Nattlandsmyr i Brann.

– Kor lenge blir han på sjukehus?

– Det er for tidleg å svare på. Det vi har fått beskjed om frå legen i dag er at tilstanden framleis er stabil, seier Nattlandsmyr til NRK.no.

Tre minutt før kampslutt i derbyet mellom Sogndal og Brann fall 27 år gamle Carl-Erik Torp saman ute på grasmatta på Fosshaugane. Sjokkerte spelarar og tilskodarar vart vitne til at Brann-spelaren kjempa for livet med hjartestans.

Etter kampen vart Torp frakta til Haukeland Universitetssjukehus med luftambulanse. Medisinsk personell skal ha gjort jobben etter læreboka då uhellet skjedde, og mellom anna kom ein hjartestartar til nytte.

Det er førebels for tidleg å seie om Torp nokon gong vil kunne spele fotball igjen.