Hopp til innhold

Uvisst om det blir sal av Harastølen

Det er uvisst om det blir noko av salet av Harastølen i Luster. Den enorme bygningen står til forfall og riving er framleis høgaktuelt.

Harastølen

HØGT TIL FJELLS: Anlegget Harastølen ligg høgt oppe i fjellsida i Luster.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Paret som nyleg sa dei ville overta bygningen, har så langt ikkje lagt fram naudsynt dokumentasjon til seljar, seier styreleiar Tor Syverud i Harastølen. Han er også direktør i Tinfoss som i dag eig staden.

– Vi kan ikkje seie sikkert at det blir sal slik saka står no, seier han.

Harastølen som tidlegare var tuberkulosesanatorium, har forfalle jamt og trutt med åra. Fleire eigarar har vore inne, utan at det har ført til at bygningsmassen har vorte halde ved like.

Manglar dokumentasjon

Styreleiaren veit ikkje lenger om det blir noko sal av Harastølen. Bygningen var ein gong eitt av dei største spesialsjukehusa i landet, og har også blitt brukt som omstridt asylmottak.

Både eigar og kommunen ynskjer å rive kråkeslottet. Alternativet er å selje bygget til seriøse kjøparar for ei krone.

Førre månad melde paret Barbro og Morten Solem seg, men no verkar salet til dei uvisst.

– Vi har utarbeidd ein avtale som enno ikkje er inngått. Vi ventar på noko dokumentasjon frå paret. Denne skulle vi hatt måndag, men er enno ikkje på plass. Det blir no vurdert om vi skal vente litt lenger, men det som er klart at denne dokumentasjon må leggjast fram før eit sal, seier Syverud.

Handlar om realismen i prosjektet

Syverud vil ikkje kommentere i detalj kva dokumentasjon som trengst, men seier det dreier seg om realismen i å ruste opp Harastølen til eit helsesportsenter for barn, slik paret har sagt dei vil.

– Eg har ikkje lyst å seie i media kva det er vi ventar på, seier han.

Salet går uansett i fyrste omgang ut på å lage ei opsjonsavtale som gjeld ut neste år, for å sjå om kjøpar kan skaffe pengar og plan for opprusting og drift. Luster kommune har også eit avgjerande ord i saka.

NRK har snakka med paret som seier dei jobbar med å skaffe dokumentasjonen, men Barbro Solem vil ikkje kommentere saka ytterlegare.