Hopp til innhold

Ikkje spurde om å vere med

Ingen bedrifter frå Sogn og Fjordane står på lista over støttespelarar for næringslivets kystaksjon mot vindmøller.

Utsira vindmøller
Foto: Tor André Johannessen

I går vart støttespelarane offentleggjorde i Ålesund. Rolf Domstein i Domstein ASA seier han ikkje er blitt spurt.

- Berre informert gjennom media

- Nei, det er eg ikkje. Denne saka har eg berre høyrt om gjennom media. I og med at det var næringslivet som stod bak, så var eg veldig spent på kven desse bedriftene eller personane frå næringslivet var. 

I går vart namna på støttespelarane bak Næringslivets kystaksjon mot vindmøller gjort kjende. Tunge næringslivsaktørar som Gjelsten Holding og Ekornes står på lista. Føremålet med aksjonen er å mobilisere næringslivet mot dei mange planlagde vindmølleanlegga langs heile norskekysten.

- Ville neppe sagt ja

Men mellom dei 28 aktørane på lista er det ikkje ei einaste bedrift frå Sogn og Fjordane. Ei rekkje næringslivsaktørar frå Sogn og Fjordane NRK har vore i kontakt med, seier dei ikkje har fått spørsmål om å stå på lista. Rolf Domstein er ikkje sikker på om han hadde sagt ja dersom han hadde blitt spurt.

- Eg trur ikkje eg hadde blitt med på ein aksjon, for dette er meir komplekst og komplisert enn at ein kan vere for eller imot vindmøller, vi har behov for kraft, og mange stader på kysten er det sikkert god plass til vindmøller. Andre stader gjer miljøet det nødvendig å vere meir restriktiv, men det er ikkje så lett at eg kunne ha sagt ja eller nei til vindmøller på generelt grunnlag..

- Invitasjonen kjem seinare

Dei einaste støttespelarane som kan knytast til Sogn og Fjordane er Fjord Norge og NHO Reiseliv. Stein Malkenes frå Florø er generalsekretær i Næringslivets kystaksjon. Han forklarar den manglande støtta frå bedrifter i Sogn og Fjordane slik:

- Det er rett og slett av tempomessige årsaker at vi måtte starte opp, og så vil vi kome tilbake til alle i Sogn og Fjordane og informere og invitere til å kome inn i aksjonen.

- Trur du bedrifter i Sogn og Fjordane er interesserte i å støtte aksjonen?

- Etter kvart som dei forstår alvoret så vil nok det skje.