Hopp til innhold

Ikkje meir til fysioterapeut

Formannskapet i Gloppen vil ikkje auke driftstilskotet til fysioterapeut Bertel Rune Kaale (biletet) med meir enn 60 prosent. Dermed støttar dei vedtaket i helse- og omsorgsutvalet. Kaale som driv Firda fysikalsk medisinsk senter har bede om ein auke på 200 prosent, og har truga med å flytte dersom ikkje kravet blir innfridd. Ei eiga støttegruppe har stått på for Kaale, men dei har ikkje vorte høyrt.

Bertel Rune Kaale
Foto: Bård Siem / NRK