Hopp til innhold

Fysioterapeuten vil ikkje jobbe gratis – trugar med å flytte

SANDANE (NRK): – Eg nektar å jobbe meir gratis, seier Bertel Rune Kaale. Ein av landets fremste ekspertar på nakkeskade trugar no med å flytte frå Gloppen.

Bertel Rune Kaale

JOBBAR GRATIS: Bertel Rune Kaale ved Firda Fysikalsk medisinsk senter har lagt fram tal som viser at han årleg skulle hatt nærare 900.000 kroner meir frå kommunen. – Situasjonen er ikkje til å leve med, seier han.

Foto: Bård Siem / NRK

– Situasjonen er ikkje til å leve med, seier Bertel Rune Kaal.

Han ser på klokka, neste pasient kan kome når som helst. Kaale er ekspert på nakkeskadar og driv Firda Fysikalsk medisinsk senter i Gloppen kommune. Hit kjem folk frå heile landet for å få hjelp.

I dag får verksemda han driv eitt driftstilskot frå kommunen. For få, seier Kaale, som meiner etterspørselen tilseier at det skal ha «minst tre».

– Har ikkje økonomi

– Kommunen har ikkje økonomi til å innfri Kaale sine krav, svarar Gunhild Gimmestad, som er Helse- og omsorgssjef i kommunen.

Ho sitt på rådhuset berre eit steinkast unna fysioterapeuten. Kaale har også tidlegare søkt om større driftstilskot. Begge gongene har kommunen sagt nei.

– Vi må stille oss spørsmålet om behovet for fysioterapi er så stort som Kaale hevdar, seier Gimmestad, og minner om at det er kommunen som definerer behovet for fysioterapitenesta i sin kommune.

Gunnhild Gimmestad, helse- og omsorgssjef i Gloppen

SEIER NEI: Den utfordrande økonomiske situasjonen i Gloppen gjer at Helse- og omsorgssjef Gunhild Gimmestad ikkje kan innfri Bertel Rune Kaale sine krav.

Foto: Bård Siem / NRK

– Kommunane utnyttar situasjonen

– Det er dessverre ganske vanleg at terapeutane må jobbe langt meir enn det kommunane gjev dei i driftstilskot, seier Peter Christian Lehne.

Han er Leiar i Norsk Manuellterapiforeining og viser til at både staten, KS og terapeutforeningane er samde om at det skal vere samsvar mellom kor mykje ein jobbar og kva ein får i driftstilskot.

– Likevel skjer det motsette. Kommunane utnyttar situasjonen, seier han.

Jobbar meir

– Kommunen kan ikkje krevje at fysioterapeuten jobbar meir enn det talet timar som er avtalt, men kommunen kan heller ikkje nekte fysioterapeuten å jobbe meir, seier Tor Arne Gangsø, som er områdedirektør for Arbeidsliv i KS.

Han minner om at kommunen har ansvar for å ha ei «tilfredsstillande fysioterapidekning», men seier han er «kjend med at mange næringsdrivande fysioterapeutar jobbar meir enn det omfanget som er avtalt med kommunen».

Han svarer ikkje på om dette er nødvendig eller ei.

Utfordrar kommuneøkonomien

Tilbake i Sandane synest Helse- og omsorgssjefen det er «leit» at forholdet til Firda Fysikalsk medisinsk senter – som ho omtalar som «ein stor ressurs for kommunen» – har vorte så anstrengt. Hennar forslag er å auke driftstilskot med 60 prosent, og ikkje 200 prosent, som Kaale ber om.

– Det er ei totalvurdering om kva kommunen skal bruke pengane på, seier ho.

Trugar med å flytte

Kaale kallar haldninga til kommunen «frustrerande». No varslar han flytting om ikkje kommunen innfrir krava.

– Dersom rammevilkåra blir gode nok, blir vi verande på Sandane, seier han, og presiserer at driftstilskotet frå kommunen ikkje vil gå til høgare løn, men til innkjøp av nødvendig behandlingsutstyr.

Onsdag skal saka opp i Helse- og omsorgsstyret i Gloppen kommune.

– Eg håper og trur at politikarane kjem fram til ei løysing som er til det beste for pasientane og for oss som jobbar med å hjelpe dei, seier Kaale.

Bertel Rune Kaale

KREV MEIR AV KOMMUNEN: Manuellterapeut Bertel Rune Kaale har hatt ei årsløn på mellom 1,2 og 1,4 millionar kroner dei siste åra. – Eit eventuelt auka driftstilskot frå kommunen vil gå til nytt behandlingsutstyr, ikkje høgare løn til meg, seier han.

Foto: Bård Siem / NRK