NRK Meny

Ikkje inhabil etter trugsmål

Høgsterett har samrøystes avgjort at aktor i ei familievaldssak i Fjordane tingrett ikkje var inhabil, skriv Aftenposten. Den tiltalte i saka sette fram drapstrugsmål mot aktoren. I tingretten vart mannen dømd til fengsel i tre år og ni månader. Men saka vart anka, og Gulating lagmannsrett oppheva dommen fordi retten meinte aktoren i tingretten var inhabil. Denne avgjerda er no gjort om av Høgsterett, og dommen i tingretten blir ståande.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.