Hopp til innhold

Mann drapstruga aktor i retten - får saka opp på nytt

Gulating lagmannsrett har oppheva ein grov mishandlingsdom mot ein mann i tjueåra fordi aktor blei livredd då han truga ho på livet i tingretten.

Fjordane tingrett

VAR INHABIL: Ein mann i tjueåra får no prøvd saka si på nytt i tingretten etter at han truga aktor på livet. Aktor blei inhabil då ho blei redd for trugslane frå tiltalte, meiner lagmannsretten.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Lagmannsretten meiner at aktor i den alvorlege familievaldssaka burde forstått at ho var ugild, då ho blei truga på livet av den tiltalte under rettsforhandlingane i tingretten.

Gulating har no oppheva domen frå tingretten, der mannen i tjueåra frå Sunnfjord blei dømd for mellom anna mishandling og trugsmål mot sin tidlegare sambuar.

Politiet meiner at mannen framleis uansett må sitje i varetekt, sjølv om dommen frå tingretten no er oppheva.

– Min klient sit framleis i varetekt, men i denne saka burde aktor ha forstått at ho var inhabil, seier mannen sin forsvarar, Robert Fonn, til NRK.

Det var Fonn på vegner av sin klient, som klaga aktor sin påståtte inhabilitet inn for lagmannsretten.

Ville stenge aktor i ein kjellar til ho døydde

Ei oppheving av domen frå tingretten betyr i praksis at heile rettsforhandlinga må gjerast på nytt, men no med ein ny aktor.

Den kvinnelege aktoren har forklart i politiavhøyr at ho følte tiltalte sine drapstrugslar som svært skremmande. Trugslane kom då mannen hadde fått vite at han også var tiltalt for bruk av dopingmiddel.

Til to fengselsbetjentar uttalte mannen mellom anna at han vil drepe aktor når han kjem ut frå fengselet. Han sa også at han ville stenge aktor ned i ein kjellar og la ho sitje der til ho «rotnar og døyr»

– Særs alvorlege trugslar

NRK har vore i kontakt med den kvinnelege aktoren. Ho stadfestar at ho blei truga på livet, men ønskjer ikkje å kommentere at lagmannsretten meiner at ho burde trekt seg som aktor.

– Vi tek dette til vitande, men dette betyr ikkje anna enn at saka mot mannen no må behandlast på nytt i tingretten, seier konstituert statsadvokat Kjell-Otto Lilleberg til NRK.

Han reagerer derimot svært sterkt på at ein tiltalt, i dette tilfellet ein mann i tjueåra, kom med direkte drapstrugslar mot aktor.

– Dette er i seg sjølv særs alvorleg, og det vil bli teke ut ein eigen tiltale mot denne mannen for desse trugsmåla, seier Lilleberg.