Barn og unge i Sogn og Fjordane som treng akutt psykiatrisk hjelp blir i dag anten lagde inn på vaksenpsykiatrisk klinikk her i fylket eller sende ut av fylket. På Nordfjordeid er det to plassar for eldre ungdom, men for dei yngre finst det i realiteten ikkje akuttilbod her i fylket.
Ikkje kapasitet
Med ein avtale om at Helse Bergen kunne ta mot opp mot 15 akuttinnleggingar i år kunne situasjonen ha vore avhjelpt til Helse Førde har sitt eige tilbod i full drift om eit års tid. Det meiner Helse Bergen dei ikkje har kapasitet til.
- Svært vanskeleg
Fram til Helse Førde får sin eigen ungdomspsykiatriske klinikk i drift i august, er situasjonen difor svært vanskeleg, seier Arvid Søreide, som er sjef for ungdomsavdeling for psykisk helsevern i Helse Førde. Kvar gong psykisk sjuke i alderen 12 til 16 år treng akutthjelp, må det leitast etter ei ledig seng ein eller annan stad i landet.