Men konsernsjef Olav Smørdal i Fjord1 seier høfleg nei. - Vi vil sjølvsagt vurdere det seriøst dersom det kjem ein meir formell invitasjon, men i dag er nok svaret nei, seier han.
Samanslåing i Hordaland
Det var i Vestlandsrevyen tysdag at direktør for HSD, Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap, Dagfinn Neteland, kom med invitten til selskapa i Sogn og Fjordane i samband med at HSD og Gaia slår seg saman og blir einerådande på buss i Hordaland.
Arkivfoto NRK
Nei også frå Firda Billag
Og det er ikkje berre Fjord1 som takkar nei. Det gjer også den andre store bussaktøren i fylket, Firda Billag. - Vi samarbeider med andre selskap om ekspressbussruter, men å slå saman selskapet med andre har vi ikkje hatt som tema, seier styreleiar Einar Målsnes.
- Konkurrere med utanlandske selskap
I Hordaland er argumentet at ein må lage eit stort vestlandsselskap for å kunne konkurrere med multinasjonale selskap om bussruter også her vest. Konsernsjef Olav Smørdal i Fjord1 er usamd. - Eg trur at både Fjord1 og HSD/Gaia er store nok til å konkurrere i den norske marknaden. Dei komande tre til fem åra ser ikkje vi noko behov for andre strukturar enn dei vi har i dag, seier Smørdal