Hopp til innhold

I tvil om valkamp

Lokale Ap-politikarar orkar nesten ikkje å tenke valkamp etter tragedien på Utøya. – Det vil bli ein veldig nedtona valkamp for AP sin del, seier partisekretær i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Monica Oppedal.

Monica Oppedal

Monica Oppedal trur det blir ein nedtona valkamp.

Foto: NRK

Arbeiderpartiet sine folk går i desse dagar i gravferdene til sine døde ungdomar etter dei meiningslause åtaka som i alt kosta 77 menneske livet.

– Vanskeleg å tenkja valkamp

Denne veka har partisekretærane til alle partia i fylket hatt møte for planlegge valkampen som skal starte den 13. august. Oppedal seier partiet knapt har orka å tenke valkamp.

– Eg skjønar ikkje korleis me skal skru om den brytaren til å tenkja valkamp, det er heilt uverkeleg at me skal inn i ein valkamp no, seier ho.

Dei ulike fylkespartia har blitt samde om at skulevalkampen ikkje skal innehalde dei tradisjonelle debattane. Det vil verte skuleval og elevane vil få møte dei ulike partia på stand kring om på skulane.

– Alle er prega

Sentralt er det bestemt at valkampen skal starte 13. august klokka 12, ein har også bestemt her i fylket at måndag 15. august skal alle toppkandidatane på fylkesplan samlast i Førde for å presentere politikk og svare på spørsmål.

– Me har 26 kommuneparti og eit fylkesparti, og me har veldig mange gode støttespelarar rundt oss, so eg trur at dei vil finna sine måtar å drive valkamp på i kommunepartia. Men alle er prega, og det blir spesielt å greie å finna den valkampmodusen, seier Oppedal.

Oppedal er i alle høve klar på ein ting: At folk no må nytte røysteretten i valet.

– Eg håpar at det blir veldig stor valdeltaking, heilt uavhengig av kva parti ein stemmer. Det er det viktigaste, seier ho.

Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, håpar at valkampen etter kvart skal bli mest mogleg normal.

– Fin politisk tradisjon

Frank Willy Djuvik

Frank Willy Djuvik

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Me har i utgangspunktet ikkje tenkt å endra noko på den valkampplanen me hadde, seier Djuvik.

Han rosar politikken i Sogn og Fjordane for å vera meir saksretta enn personretta, noko han meiner er ei styrke for politikken. Men han er klar på at i dei sakene partia er ueinige, er det viktig å få ein god debatt.

– Det er ein del av demokratiet, slik at veljarane har klart for seg kva partia meiner, og kor dei står i dei enkelte sakene. Der har me eit ansvar ovanfor veljarane, seier Djuvik.

Vil ha nedtona språkbruk

Per Rune Vereide

Per Rune Vereide

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Senterpartiet sin fylkessekretær Per Rune Vereide trur partia vil kome med utspel og satse på friske debattar slik som før, men at sjølve språkbruken vil bli annleis.

– Eg trur det blir ein litt annleis valkamp. Den blir nok litt meir nedtona og med litt annleis språkbruk. Eg håpar at ein i større grad enn tidlegare set fokus på saker og ikkje minst framtidsretta saker, seier han.

Trude Brosvik i KrF meiner det er viktig med nokre felles spelereglar, og at ein også tek menneskelege omsyn.

– Vil ha større oppmøte

– Eg tur at det vil prega oss som debattantar. Viss det kan hjelpa til at ein ser på sakene, og at tek vekk dritslenginga og den biten, so er det positivt at det kan munna ut i ein ryddigare valkamp.

– Trur du at det som har skjedd kan få betydning for resultatet?

– Det eg håpar er at det vil ha betydning for oppmøtet. Eg trur ikkje det blir eit sympatival, det hadde nok vore meir merkbart om det hadde vore eit stortingsval, seier Brosvik.