Hopp til innhold

I helga frå hoppkometen oppfylt draumen

Som liten såg Anders Fannemel med drøymande auge på skihopparane som sette utfor dei fire bakkane under den tysk-austerrikske hoppveka. 21 år gamal får honndølen draumen oppfylt.

Anders Fannemel

DRAUM: Sidan han var liten har hoppkometen Anders Fannemel frå Hornindal drøymt om å delta i den prestisjetunge tysk-austerrikske hoppveka. I helga står han sjølv midt i sirkuset ...

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Anders Fannemel, hopparen med verdas nest lengste hopp, sette i dag kursen mot Oberstdorf som laurdag og søndag sparkar i gang hoppveka.

– Nervane er som dei plar vere når eg skal ut på tur, men eg vil nok merke stor skilnad når eg kjem ned. Alt oppstyret rundt og trøkket i bakken. Det er spanande, gliser Fannemel før han og resten av dei norske hopparane entrar flymaskina som skal ta dei til Tyskland.

Nøgd med topp 15

Honndølen fekk ein pangstart i verdscupen med 6. og 2. plass på Lillehammer. Sidan har det gått noko tyngre, med plasseringar frå 18. til 49. plass for 21-åringen.

Hoppvekedebutanten er ikkje førehandskvalifisert, og må gjennom laurdagens kvalifisering for å stille til start i søndagens opningsrenn.

– Eg håpar å klare topp 30 i alle renna. Får eg til god hopping veit eg at eg kan klare topp 15 i nokre renn. Då er eg veldig nøgd, seier Fannemel.

Andre frå fylket

Renna i den tysk-austerrikske hoppveka inngår i verdscupen, og turneringa vert etter OL og VM rekna som ein av dei mest prestisjetunge konkurransane innan skihopping.

Fannemel er den andre frå fylket som representerer Norge i hoppveka . Rune Haugen frå Hafslo deltok i 1977/1978. Debutanten gler seg.

– Det er ekstremt god stemning i bakken, det er mange TV-sjåarar og du veit at det står litt meir på spel gjennom heile veka. Det er ganske spesielt og eg håpar det blir ei god oppleving, seier 21-åringen.

– Sjukt artig

For Fannemel er det ein draum som går i oppfylling når han i ettermiddag landar i Oberstdorf til den 61. hoppveka.

– Dette er noko alle skihopparar drøymer om å få vere med på. Eg har sett det på TV sidan eg var liten, det ser sjukt artig ut, gliser honndølen og vedgår at han ikkje kjenner dei fire konkurransebakkane særskilt godt.

– Er ikkje det ei lita ulempe for deg?

– Det plar gå greitt. Eg kjenner litt til dei tre første bakkane, og det er vel eigentleg fire ganske like bakkar. Men det blir spesielt med Garmisch første nyttårsdag. Det blir kjekt, seier han.

– Godt å få slappe av

Dei andre norske hopparane som reiser til hoppveka Tom Hilde, Rune Velta, Andreas Stjernen, Vegard Swensen, Anders Jacobsen og fjorårets verdscupvinnar Anders Bardal.

Den siste veka før jul nytta laget til å hoppe i opningsbakken Oberstdorf etter verdscuprenna i Engelberg.

– Vi hoppa litt ekstra her, for å få ein best mogeleg start på hoppveka. Elles har eg hatt juleferie heime i Hornindal. Etter ein tung periode med mykje reising før jul, så gjorde det godt å få slappe litt av, seier Fannemel.

Håpar på lange svev

Med 143,5 meter i Schattenbergbakken i 2003, er Sigurd Pettersen den einaste nordmann med bakkerekord i dei fire bakkane. Fannemel viste i Vikersund i februar at han er kapabel til lange svev, med verdas nest lengste hopp på 244,5 meter.

Sjølv om dei fire bakkane i hoppveka har K-punkt 120–125 meter, håpar honndølen på nye lange svev den kommande veka.

– Er bakkane store nok for ein flygar som Anders Fannemel?

– Ja, dei er meir enn store nok til at eg skal klare å hoppe bra på ski. Eg håpar det blir nokre gode hopp, avsluttar den spente hoppvekedebutanten.