Hopp til innhold

I dag opna Nord-Europas største datasenter

I dag opna Lefdal Mine Datacenter i Eid.

Opninga av Lefdal Mine Datacenter i Eid.

OPNA SENTERET: Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) opna datasenteret i gruva onsdag ettermiddag.

– Det er ein stor dag for Lefdal gruve og ein endå større dag for Norge. Vi har miljøvenleg straum, vi har nok straum og vi har rimeleg straum. Det gjer oss til eit perfekt land for datasenter i framtida også, sa olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp), då han opna Lefdal gruve.

Det er nivå tre som skal opnast og berre det åleine er ti gongar større enn det største datasenteret i Norge i dag. Til saman skal 250 millionar kroner investerast i Lefdal gruve, og fjellhallane skal lagre enorme mengder data.

Giganten IBM er inne på kundesida, tyske Rittal er gått inn på eigarsida. Blant eigarane er også Sogn og Fjordane Energi, men det er Måløy-miljøet med Localhost i spissen som eig halvparten.

Ideen om å lage datasenter i den nedlagde gruva kom i 2008. Etter mange år med arbeid er det no klart for opninga.

Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) er til stades under opninga. Det same er representantar for Lefdal Mine Datacenter, Localhost, Rittal, IBM, LinkedIn og Fortuitus AG.

Følg sendinga direkte i nett-TV frå kl. 12:30.

CeBIT. Lefdal Mine Datasenter

MODELL: Denne modellen hadde Lefdal Mine Datasenter med seg på CeBIT-messa. Der kunne ein sjå kor stort senteret faktisk er, samanlikna med Fridomsgudina, eit fly og ein bil.