Denne veka har dei enorme metallkonstruksjonane møysomeleg blitt heiste på plass ein etter ein.
Prosjektleiar Gunnar Solbakken i Statens vegvesen vedgår at han hadde litt sommarfuglar i magen før midtstykket skulle løftast på plass laurdag.
– Det var jo det. Det har vore litt merksemd rundt dette, og då ynskjer ein alltid at det skal gå bra, seier Solbakken.
Små marginar
, og sjølv om det er store konstruksjonar er marginane små når dei skal monterast saman.
– Det er store lengder og mykje som skal passa på plass, så det var vel noko av det eg var aller mest spent på. Men vi hadde gjort gode målingar på førehand, så vi var ganske trygge på at det skulle gå bra, seier Solbakken.
I løpet av nokre timar laurdag føremiddag vart midtpartiet heist på plass, og den nye Loftesnesbrui ser no ut som ei bru.
– Det er godt å vere ferdige med det, og vite at det ikkje vart skadar, verken på folk eller utstyr, seier Solbakken.
Håpar på opning i desember
Sjølv om brua no ser ut som ei bru, er det mykje arbeid som må gjerast før dei første bilane kan trille over.
– På avstand ser den nok ferdig ut, men no skal det gjerast eit omfattande betongarbeid med å støype dekke på brua, seier Solbakken.
I tillegg vert det også mykje betongarbeid på rundkøyringa som skal byggast på Songdals-sida.
– Går alt etter planen så skal trafikken kunne gå over den nye brua i byrjinga av desember, seier Solbakken.