Hopp til innhold

I dag kjem Marcus og Martinus til Målrock

Arrangøren er budd på ekstremt mykje folk i Årdal. Allereie på festivalens første dag er 3.000 billettar rivne vekk.

Marcus & Martinus

TVILLINGDUO: Marcus og Martinus har blitt kjempepopulære. No kjem dei til Årdal, og det har lokka folk til Målrock.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Vi er så klare som vi kan bli.

Det fortel festivalsjef Katrine Clausen Fredheim i Målrock, som kan gle seg over ein utseld opningskonsert.

– Det kjennest veldig godt. Det er veldig moro, og vi gler oss veldig, seier Fredheim.

Aukar vakthaldet og set opp bussar

Men, med slik popularitet må arrangøren bu seg på ekstremt mykje folk. Fredheim fortel at dei ventar mykje unge folk.

– Vi har litt ekstra fokus på vakter og vakthald, også har vi teke litt grep i sentrum, seier Fredheim.

Ho fortel at det spesielt er det trafikale som har vore eit hovudfokus.

– Vi har sett opp mange bussar, så og seie alle vi har fått tak i. Vi kjem til å stengje torgområdet for at det skal vere så trygt som mogleg å ferdast på plassen, seier Fredheim.

– Folk treng ikkje stå timevis i kø

Då Marcus og Martinus spelte i Trondheim for halvannan veke sidan, stod folk i kø i opp til seks timar før konserten.

– Vi har oppmoda folk om å ikkje stå lenge i kø, men er førebudd på at det skal komme nokon som vil sitte å vente.

Katrine Clausen Fredheim

SPENT: Festivalsjef Katrine Clausen Fredheim seier at ho både gler og gruar seg til 3000 personar kjem på konsert i kveld.

Arrangøren har sett opp fleire bussar frå områda rundt Årdal. Fredheim fortel at folk har nytta seg av det tilbodet.

– Dei bussane som er sette opp frå Sogndal og Lærdal er fullbooka. Det hjelper på trafikken at mange vel å ta buss. Men vi ventar ein del trafikk inn fjorden. Det blir nok hektisk ein periode.

Fredheim legg til at ho håpar folk følg dei tilvisingane som er sett opp i forbindelse med festivalen.

– Det er ekstremt viktig, elles kan det bli kork, og det er ikkje artig for nokon. For at vi ikkje skal sprenge alt av vegnett er det viktig at alt av instruksar blir følgd, seier Fredheim.

Forventar press på ferjene

For mange av dei reisande må Sognefjorden forserast med ferje på Mannheller–Fodnes. Det kan føre til stort press på sambandet, men det blir ikkje sett inn ekstra ferjer.

– Vi har ikkje moglegheit til å sette inn noko ekstra kapasitet i samband med slike arrangement. Den einaste moglegheita er å oppfordre folk til å møte opp tidleg, vere tolmodige og følgje avvisningane, fortel regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen.

Han fortel at kapasiteten på sambandet er god, men at dei reknar med lange køar.

– Vi har to ferjer, og begge tek rundt 110 bilar. Kapasiteten er god, men det er eit samband med mykje trafikk i utgangspunktet. Under slike arrangement veit ein at det blir kø. Ein kan risikere at ein må stå over både ei og to ferjer, seier Kristoffersen.