Hopp til innhold

I dag får Gulen dei første svara

To års uvisse i Gulen kan i dag vere over, når dei første resultata av helseundersøkinga etter Vest Tank-eksplosjonen blir lagt fram.

- Det ligg heile tida i bakhouvdet sidan det var farleg stoff det som kom ut. Då er det greitt å vere på den sikre sida, seier Bodil Baarøy.

- Spente på svaret

Sommaren for over to år sidan vart Baarøy plutseleg ekstremt kvalm. Det skjedde like etter at to tankar med giftig avfall eksploderte ved Vest Tank-anlegget . For nokre av innbyggjarane, vart plagene langvarige. Over 200 menneske har vore plaga av kvalme, hovudpine, slappheit og vond hals.

- Det blir spanande å sjå kva dei har kome fram til, og funne av resultat. Eg vonar inderleg at dei ikkje har funne noko som helst, seier Baarøy.

- Plagene vil forsvinne

Resultata ho viser til er helseundersøkingane av over 700 personar . Det er Haukeland som har ansvar for undersøkinga. I fjor slo Folkehelseinstituttet fast at plagene ville forsvinne så fort avfallet vart fjerna . Rådmann i Gulen, Martin Kullid seier undersøkinga og resultata er svært viktig.

- For at vi skal bli ferdige med dette, så er det veldig viktig at dei som bur der blir veldig trygge på kva dei har vore utsett for og kva innverknad dette i så fall kan ha, seier han.

Vil legge bak seg

Video nsps_upload_2009_6_17_19_18_29_1382.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

I alt 1016 personar vart kalla inn til undersøkinga skal gå over fem år. Baarøy vonar at ho i kveld kan legge bak seg all uro om kreft og andre seinskader.

- Det er betryggande å ha vore gjennom ei slik runde for å sjekke opp om vi har fått i oss noko, eller om vi kan ta det med ro, seier Baarøy.