Hopp til innhold

Førebur helseundersøkingar

Førebuinga til dei nye helseundersøkingane av befolkninga i Gulen er i full gang.

Lege

Illustrasjonsfoto

Foto: Illustrasjonsfoto: / NRK

Avdelingsoverlege Tor Aasen, ved Haukeland Universitetssykehus seier dei no prøver å finne ut meir om dei kjemiske stoffa som vart spreidd under Vest Tank eksplosjonen. Universitetssykehuset er bedne om å sjå kva dei kan gjere for innbyggjarane i Sløvåg.

- Vi prøver å finne ut kva for kjemiske stoffer dette er, i kva slags konsentrasjon og hvor bredt dette er spreidd, seier han.

Ut frå dette vil dei leggje opp undersøkingane av personane som har vore eksponert.

- Ikkje skadelege

24. mai i fjor eksploderte to tankar med avfallsstoff ved anlegget til Vest Tank i Sløvåg. Tilsette ved verksemda hadde englevakt under eksplosjonen , men i etterkant fekk om lag 200 personar helseplager .

Folkehelseinstituttet konkluderte med at helseplagane ikkje ville vere skadelege på lang sikt , og at det truleg var lukta saman med stress som gjorde folk sjuke. Men plagane forsvann ikkje, og etter kraftig press frå lokalbefolkninga, lovde miljøvernminister Erik Solheim nye undersøkingar då han vitja Gulen kommune tidlegare i år.

Helsedirektoratet tar rekninga

Helsedirektoratet lover å ta rekninga for undersøkingane, og har gjeve Yrkesmedisinsk avdeling på Haukeland universitetssjukehus oppdraget.

11. september må planane for korleis dei skal gå fram i undersøkingane vere klare. Då skal regionaletisk komite for medisinsk forskning godkjenne planane. Det skal også helsemyndigheitene, fylkeslegane i Song og Fjordane og Hordaland og Helse Bergen gjere.

Startar i november

Avdelingsoverlegen trur dei kan vere i gang med sjølve helseundersøkingane i november. Aasen trur dei vil omfatte over hundre personar.

- Dette gjelder ein heil befolkning i ein kommune, seier han.