Leiar i Årdal kjemiske fagforeining, Bjørn Øvstetun, meiner det ikkje er grunn til feiring. - Slik Hydro fer fram mot Høyanger og distrikts-Noreg, er dei ikkje verd feiring. I neste omgang kjem kanskje turen til oss i Årdal, seier Øvstetun. Han siktar til at Hydro i førre veke sa frå at dei vil stenge C-hallen og dermed sette 120 personar på porten eitt år tidlegare enn venta. I Høyanger skulle det ha vore markering av 100-årsjubileet sist fredag, men festen vart avlyst, og i staden vart det ein protestaksjon.
Heller ikkje årdølene vil feire Hydro. Arkivfoto Arild Nybø NRK
Skringlagt like før
Og no er altså Hydro-festen i Årdal også avlyst. Arrangementet i Hydroparken i Øvre Årdal var planlagt i lang tid, og vart altså skrinlagt vel eitt døger før det skulle gå av stabelen.
- Ikkje sjølvsagd å boikotte
Men Hydro har også hatt mykje positivt å seie for Årdalssamfunnet etter at dei kjøpte ÅSV og overtok verket i 1985, og difor var det ikkje ei sjølvsagd avgjerd å avlyse arrangementet i morgon. - Vi hadde ein grundig diskusjon om dette var rette arrangementet å boikotte, og om ein boikott kanskje råka oss sjølve meir enn Hydro. Det er og viktig å ikkje grave seg ned i pessimisme. Når vi har bestemt oss for å boikotte 100-årsmarkeringa, er det i første rekkje i solidaritet med Høyanger, seier Bjørn Øvstetun.
Fanene blir tekne med til Rjukan. Arkivfoto Kjell Arvid Stølen NRK
Protesterer mot Hydro-styret
Og solidaritet får dei tilsette i Høyanger frå Hydro-fagforeiningar i både inn- og utland. Onsdag startar styremøtet i Hydro der dei etter alt å døme vedtek å legge ned 120 arbeidsplassr i Høyanger eitt år før tida. Men det er fleire enn Hydro-styret som har planar for dagen. Delegasjonar frå Årdal, Høyanger, Sunndalsøra, Karmøy, Herøya og Tyskland reiser til Oslo for å protestere mot måten Hydro fer fram på. Det skal dei gjere utanvor Hydro-hovudkontoret på Vækerø før styret reiser til Rjukan, der styremøtet skal vere.