Sidan Anne Slåtten vart funnen drepen måndag føremiddag, har politiet granska staden der ho vart funnen, som også er staden der politiet har slege fast 22-åringen vart drepen.
Fleire funn
Søk etter spor ved drapsstaden. Foto Heidi Lise Bakke © NRK
I dag er arbeidet på åstaden avslutta. Politiet har stadfesta at dei har gjort fleire funn på staden, funn som er sende til analyse. Men dei held tett om kva dette dreier seg om.
I ettermiddag har politiet også sett i gang gransking av bustaden til Anne Slåtten. Hybelhuset har vore avstengt sidan søndag, og det er her den mystiske lappen – der skrivaren gir uttrykk for å vera redd – vart funnen. (Sjå – Eg er redd).
Sakna lommebok
I kveld klokka 20 har politiet kalla inn til ny pressekonferanse, og det er spenning til kva politiet har funne i hybelhuset. Mellom anna er det ikkje kjent om lommeboka og nøklane til Anne Slåtten har kome til rette.
Vegen forbi drapsstaden vart i ettermiddag opna att, etter å ha vore stengd sidan Slåtten vart funnen.