Meldinga om at Heimevernet sitt tiande distrikt, HV 10, på Skei skulle leggjast ned gjorde at dei 26 tilsette måtte revurdere framtida. No er floken løyst, og oberstløytnant Nils Melby seier fleire har valgt å ta imot lønna omskolering.
Til andre HV-avdelingar
Andre takka ja til ein økonomisk sluttpakke, og 4 personar kan halde fram på Skei under flytteprosessen. Yrkesmilitære er vane med å flytte på seg, og fleire har søkt seg til HV 11 i Åndalsnes, og HV 9 i Bergen.
Gode løysingar
Oberstløytnant Nils Melby. (Foto: NRK)
Melby er ekstra glad dei har funne ei løysing også for dei sivile.
- Me har alle spekter i løysingsmodellen vår. Og dei sivile finn óg gode løysingar, anten ved fortsatt å vera med i Forsvaret eller ved å gå av og finna seg sivil jobb, seier han.
Med tanke på omstenda rundt nedlegginga, trur Melby at dei tilsette er nøgde med utfallet.
- Det er jo ingen som er nøgde med at HV 10 vert lagd ned, men det er historie no. Det er avgjort, og me forheld oss til det. Eg trur dei aller fleste er nøgde med si løysing, fortel oberstløytnanten.
Førtidspensjonert
Melby sjølv skal gå av med førtidspensjon når avdelinga på Skei vert lagd ned. At han kjem til å sakna arbeidsplassen, er det ingen tvil om.
- Det kjem me alle til å gjera, seier han.
HV 10 på Skei vert lagt ned innan 1. januar 2006.