Hopp til innhold

Hunde-vener samla inn 60 000 til Marleén

MÅLØY (NRK): 60 000 kroner er samla inn frå engasjerte hunde-vener i Ivo-saka. Men no står augevitne til hendinga fram og seier at ting ikkje er slik det blir framstilt.

Hunden Ivo i Måløy

IVO: Hunden Ivo i Måløy kom mot ein person som lufta sin eigen hund. I oppstandelsen falt vedkomande og braut lårhalsen. Resultatet vart erstatning.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Marleén Hodne må ut med 100 000 kr i erstatning. Ho er ufør og åleinemor, og ei kronerulling er starta.

Nær 60 000 kroner er kome inn på kort tid, engasjementet er stort i sosiale medium.

– Vi ynskjer å bidra med å oppklare. Det er alltid to sider i ei sak. Dette er også alvorleg for offeret, seier Gerda Silden Totland og svigerdottera Silje Kvalheim som var augevitne då ei kvinne i Måløy braut lårhalsen.

Då hunden Ivo, ein hannhund av rasen Eurasier, kom seg laus skal han ha skremt ein person og vore pågåande mot hunden til vedkomande. Den fornærma mista balansen, falt i bakken og braut lårhalsen.

Med erstatningskrav, og med stor risiko for rettssak over seg, valde Hodne å inngå forlik.

Hodne gjekk denne veka ut med si historie, målet var å få ein debatt om lovverket, og kor tid hundeeigar har ansvaret for ei hending.

På sosiale medium har meiningane vore sterke etter at eigaren Marleén Hodne frå Måløy må ut med 100 000 i erstatning.

Hunden kom seg laus

Verken politiet eller andre har tatt opp forklaringar rmed Gerda Silden Totland eller Silje Kvalheim tidlegare.

– Vi såg kva som skjedde, og ting er ikkje slik det blir framstilt, seier Silden Totland.

– Eg stod i glaset i huset mitt då den fornærma kom gåande med hunden sin. Så ser eg at Ivo kjem gåande mot den fornærma med bandet etter seg, og brått byrjar å springe mot. Personen skundar seg å ta opp den vesle hunden sin, og løftar den opp til seg. Hunden startar å hoppe på den fornærma og sprang rundt føtene til fornærma. Ho prøver å snu seg unna, ho går rundt og rundt medan hunden for etter og prøvde å få tak i den andre hunden.

Medan situasjonen heldt på, sprang svigerdottera ut for å hjelpe.

– Silje sprang ut for å hjelpe, og undervegs så ramlar kvinna.

Den skadde måtte framleis verje sin eigen vesle hund på bakken, i fylgje dei to.

– Var ikkje skikkeleg fastbunden

Silje Kvalheim seier ho tok tak i Ivo då ho kom ut, og måtte løyse bandet som hadde tulla seg om lag ein og ein halv gang rundt føtene, ho førte hunden tilbake til bilen han kom frå.

– Hunden følgte meg lydig når han kom ut av sitiuasjonen, men før det bjeffa han og virka pågåande. Den var ikkje skikkeleg fastbunden, seier Kvalheim. Ho har ikkje vore i kontakt med den fornærma sidan ulukka skjedde.

I to politiforklaringar har den fornærma forklart at hunden verken bjeffa, var bort i, eller var aggressiv. Men i etterkant i forliksrådet vart det sagt at hunden hadde lagt framlabbane på skuldrene.

Dei to augevitna er på si side tydelege på at Ivo bjeffa.

Korleis kan det ha seg at forklaringane er ulike her?

– Personen var skremd, hadde store smerter, og eg ser det som klart at ho var i sjokk. Vi kan ikkje forvente at ho hugsar akkurat kva som skjedde, seier Gerda Silden Totland.

Silden Totland seier dei ikkje visste om erstatningssaka før i går, og har ikkje fortalt om dette før.

Har stelt seg til politiet og forliksrådet

Marleén Blaalid Hodne seier til NRK at ho stiller seg undrande til at Kvalheim og Totland kjem med informasjonen no, heile to år etter. Fleire av dei involverte held til i same nabolag.

– Eg registrerer at informasjonen Silden Totland kjem med ikkje er i samsvar med tidlegare informasjon i saka.

Marleén Blaalid Hodne

ENGASJEMENT: Marleén Hodne oppmodar folk om å bruke nettvet. Saka om hunden Ivo har fått mange tusen delingar i sosiale medium.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Hodne seier ho har haldt seg til det fornærma har sagt til politiet og i forliksrådet, samt informasjon frå ei kvinne ho snakka med på ulykkesdagen.

– Eg vart fortalt at ingen av dei to såg kva som skjedde, altandøra sto open og dei høyrde skrik om hjelp. Silje Kvalheim sprang ut for å hjelpe. Ho fortalde meg at Ivo ikkje var aggressiv, og kom og følgde med henne med ein gong.

Sterke utsegn i sosiale media

Det siste døgeret har det vore stort engasjement i sosiale medium. Gerda Silden Totland meiner det blir ei ekstra belastning for kvinna som skada seg.

– Mange har flokka seg mot den fornærma. Eg synest det er dårleg gjort, og har utruleg stor medlidenheit for at ho har blitt behandla på denne måten her. Ein må ha fakta på bordet før ein kastar rundt seg med ulike meiningar.

Marleén Blaalid Hodne seier ho oppmodar folk om å nytte sunt nettvett.

– Eg beklagar at fornærma har fått ei stor belastning knytt mot uttaler i sosiale media. Dette kan eg dessverre ikkje ha kontroll over. Denne saka er ei stor belastning for alle partar. Eg ynskjer ikkje å henge ut nokon i denne saka, Eg vil ha fokus på Hundelova og Skadeerstatningslova.

Marleén Blaalid Hodne og hunden Ivo

BESTEVENER: Marleén Hodne hadde ikkje ei forsikring som dekka skaden hundeeigaren måtte betale.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Urettmessig uthengd

NRK har snakka med den fornærma som ikkje ynskjer å kommentere saka til NRK.

Gerda Silden Totland oppmodar folk om å roe ned i sosiale medium, men vil ikkje uttale seg om det er greitt at den fornærma fekk 100.000 kroner i erstatning. Ho seier vitneforklaringa er hennar fokus.

– Eg synest det er forferdeleg tungt å gå ut med dette. Eg vil ikkje lage ugreie, men eg kan ikkje sitje å sjå på at den fornærma blir urettmessig uthengd, seier Totland.