NRK Meny
Normal

Ivo kom seg laus – Marleén må betale 100.000

MÅLØY (NRK): Hunden Ivo må ta ansvaret for at ein person falt og braut lårhalsen. No må Marleén Hodne som er ufør og åleinemor betale 100.000 kroner i erstatning. Ho etterlyser eit klarare lovverk for hundeeigarar.

Marleén Blaalid Hodne og hunden Ivo

MÅ BETALE: Marleén Hodne må betale 100 000 etter at ein person braut lårhalsen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Mange hundeeigarar er neppe klar over kor stor rekninga kan bli, seier Marleén Hodne.

Hodne må betale den fornærma 100.000 kroner i erstatning. Etter forhandlingar i forliksrådet vart det gjort avtale mellom advokatane denne månaden. Bakgrunnen er at hunden hennar Ivo, ein hannhund av rasen Eurasier, må ta skulda for at vedkomande braut lårhalsen.

Fryktar mange ikkje veit kor vagt lovverket er

Marleén Blaalid Hodne

KJENNEST FEIL: Marleén Hodne meiner lovverket om erstatning må bli tydelegare.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Marleén Hodne meiner saka hennar syner at det trengst eit tydelegare lovverk.

– Hundeeigarar er sjølvsagt pliktige til å erstatte skade som dyra forårsakar, men kor går grensa i lova for når ein hundeeigar faktisk har ansvaret for ei hending?

Hodne ynskjer at politikarane endrar lova til å bli meir spesifikk inn mot at hunden faktisk gjer direkte skade.

Vart heilt sjokkert

Det var den 27. november 2014 historia starta. Ei venninne av Marleén Hodne hadde vore på fjelltur med hunden. Etterpå festa Hodne hunden til hengarfestet på bilen sin, og Ivo la seg bak i bilen.

– Så ringer det på døra og ein nabo fortel at Ivo er blanda inn i ei ulukke.

Eurasier hund

MÅ TA SKULDA: Eurasier-hunden Ivo kostar no eigaren sin 100 000 kroner.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Må betale erstatning

Personen som braut lårhalsen har i forliksrådet forklart at hunden kom springande, hoppa rundt, og la framlabbane på brystet.

I fylgje politidokument har den fornærma to gonger tidlegare forklart politiet at hunden ikkje var bort i vedkomande, og at den ikkje bjeffa eller verka aggressiv. Men at den fornærma hadde løfta opp sin eigen hund for å verje den, og medan Ivo hoppa rundt på fortauet mista personen fotfestet og ramla. Politiet ville ikkje etterforske saka vidare.

Den fornærma ynskjer ikkje å kommentere saka. Men viser til advokaten sin som heller ikkje vil kommentere saka.

– Grufullt om ein skal frykte å ha hund

Administrerande direktør Trine Hage i Norsk kennel klubb seier slike erstatningar er sjeldne.

Trine Hage

GRUFULLT: – Det vil vere grufullt om folk ikkje tør å ha hund, meiner Trine Hage i Norsk kennel klubb.

Foto: Halat S. Askari

– Hundelova er veldig klar. Du har ansvaret for din hund, og du skal ha kontroll på den.

Ein million nordmenn lever med hund. Hage meiner det vil vere forferdeleg om folk ikkje kan ha hund i frykt for høge erstatningskrav.

– Det ville vere grufullt om vi kjem dit at folk ikkje tør å ha hund. Hundehald held folk friske.

Hage meiner saka høyrest veldig spesiell ut, og oppmodar hundeeigarar i tilsvarande situasjon til å kontakte NKK for råd.

– Tungt å betale

I Måløy må Marleén Hodne no klare å betale 100.000 kroner.

– Det er veldig tungt, og kjennest feil. Ei venninne har starta kronerulling slik at eg kan klare å betale.