Hopp til innhold

Ho vart første nordmann med verdscupsiger i randonee

Malene Blikken Haukøy frå Kyrkjebø skreiv seg inn i historiebøkene i helga då ho som første nordmann gjekk til topps i eit verdscuprenn i randonee.

Malene Haukøy

HISTORISK: Malene Haukøy frå Høyanger vart den første norske utøvaren med verdscupsiger i randonee.

Foto: Daniel Kvalvik

21-åringen frå Kyrkjebø vann U23-klassa i sprintkonkurransen i Sveits. Dette var hennar første verdscuprenn for sesongen.

Randonee er ei blanding av telemark- og alpin.

– Det kom ganske overraskande på meg. Eg har ein tredjeplass frå EM, men likevel. Det er høgt nivå, så eg trudde aldri det skulle gå så bra, seier Malene Blikken Haukøy , som slo sin argaste konkurrent med to sekund.

– Utruleg artig

Malene Haukøy

TIL VM: Malene Haukøy har også tidlegare vore med i VM i randonee.

Foto: Daniel Kvalvik

Ho har halde på med randonee i kring fem år og kasta seg med i verdscuprennet som oppladning til VM i Frankrike om to veker. På grunn av lange turar har ho ikkje delteke i verdscupen tidlegare i år, men ho har håp om å stille på startstreken når verdscupen blir avslutta i Tromsø i april.

Dei norske utøvarane har ligge i høgdeopphald i to veker, og går framover mot verdsmeisterskapen inn i ein rolegare treningsperiode i heimlandet. Rot frå arrangøren si side gjorde at Haukøy først dagen etter vart klar over sigeren.

– Det var jo utruleg artig å bli den første nordmannen som vann eit verdscuprenn. Norge er ein veldig liten nasjon i denne sporten. Nedover i alpelanda og Europa er det mange konkurransar med mange tusen konkurrentar, seier Blikken Haukøy.

Likar å bli sliten

I randonee startar deltakarane samstundes, går på ski i ei merka løype oppover fjellsida med innslag av bratte parti. Enkelte gonger er det svært bratt.

I oppstigninga brukast det feller under skia, i dei brattaste partia blir skia festa på ryggsekken. Nedover fjellsida er det valfri stilart.

– Det er ein tung idrett, men eg har alltid likt konkurransar og tykkjer det er kjekt å bli sliten. Samstundes får ein mange fine turar til fjelltoppar der folk ikkje har vore før. Du får boltre deg i urørt snø, fortel Blikken Haukøy som til vanleg er student ved Høgskulen i Sogndal.

Håpar på edelt metall

På vegesbasis legg Haukøy ned mellom 15 og 25 timar med trening. I tillegg er systera Andrine Blikken Haukøy teken ut til verdsmeisterskapen i Pelvoux i Frankrike 9. - 15. februar.

– Eg satsar så mykje eg kan, men går jo på skule i tillegg. Det er eigentleg ideelt i Sogndal, sjølv om eg blir gåande mykje åleine, seier ho.

– Kva ambisjonar har du for VM?

– Det er vanskeleg å seie, men det kan vere gode mogelegheiter på sprint. Det er mykje tilfeldigheiter som spelar inn. Det er ein teknisk idrett som krev at du er rask å ta av og på skia og fellene.

Går for Norgescupen

Blikken Haukøy har endå til gode å vinne norgescupen samanlagt, men har fått ein god start i år. Etter to helgar leiar ho klassa si. Nyleg vann ho også NM i Randonee. Blikken Haukøy er frå Kyrkjebø, men konkurrerer for IL Høyang.

– Det er vel to Norges Cup-helgar til etter VM, så eg går for å vinne den i år, gliser ho. Men noko økonomisk gullgruve er det ikkje å drive med randonee.

– Det er litt pengepremiar, men ikkje som i langrenn og alpint. Dei beste i verda lever av det, men dei er også blant dei beste i verda på uthaldenheit. Dei bur og trenar i høgda, og dei aller beste held eit enormt nivå, seier ho.

– Utruleg viktig

– Det skal nok litt til å kunne komme så langt. For min del trur eg nok ikkje det er realistisk. Per no er det for lite pengar i sporten i alle fall i Norge, held Blikken Haukøy fram.

Skiforbundet har store forventingar til 21-åringen frå Høyanger etter helgas prestasjon i verdscupen.

– Haukøy er framleis ung, og vi kan håpe på mange gode plasseringar frå henne framover. Prestasjonen er utruleg viktig for Norge som randonee-nasjon. Den viser at det går an å hevde seg i ein idrett som er svært stor i Europa, sjølv om den framleis er ung her i landet, seier medieansvarleg Kjersti Solvoll Bakketun i Norges Skiforbund Randonee.