Hopp til innhold

Søskenpar klar for VM

Både Malene Haukøy (19) og Eirik Haukøy (16) er klar for vinterens VM i skialpint.

Malene Haukøy

VM-KLAR: Malene Haukøy (19) er mellom 12 utøvarar som skal forsvare dei norske utøvarane i VM i randonée.

Foto: Daniel Kvalvik

Søskena frå Kyrkjebø i Høyanger reiser i midten av februar til den italienske byen Claut, kring to timar nord for Venezia.

Malene Haukøy konkurrerer i juniorklassa for kvinner, medan 16-åringen Eirik konkurrerer i kadettklassa for menn.

- Det blir kjekt det, men no må eg først tenke på meg sjølv når eg er der nede. Eg tenker ikkje så mykje over det, seier Malene Haukøy.

Ikkje heilt klar

19-åringen var for to år sidan med i EM. I fjor kvalifiserte ho seg til VM i Andorra. Då som den yngste junioren. I år er ho eldsteårs junior. Ho kjenner seg ikkje heilt klar til eit VM.

Eirik Haukøy

VM-KLAR: - Det er berre å gå på, er VM-rådet frå Malene Haukøy til broren Eirik Haukøy.

Foto: Daniel Kvalvik

- Eg har vore ein del sjuk, men vonar det går bra. Skulle gjerne hatt litt fleire renn i beina før eg reiste nedover, seier ho. VM i år blir litt annleis enn fjoråret.

- Då var det ganske høgt og vi måtte venne oss til høgda. Det merka vi i starten av VM. Eg har ikkje kjempestore ambisjonar. Har vore sjuk, men har fått trent godt i det siste og håper å få att av det i VM, seier ho.

Stod over kvaliken

I Andorra vart det to individuelle tiandeplassar. På stafetten var ho med å køyre Norge inn til sjetteplass. I tillegg til tredjeplassen i seniorklassa for kvinner i Norgescupen, er det desse plasseringane som no ligg til grunn for uttaket.

På grunn av sjukdom har Haukøy stått over begge kvalifiseringsrenna i år. Det legg ein liten dempar på uttaket.

- Uttaket var ikkje så uventa. Skialpint er stort i ein del andre land, men i Norge er det ikkje så veldig mange å konkurrere mot. Eigentleg forstår eg ikkje kvifor det er så lita interesse for det i Norge, seier ho.

Dyr sport

Ei forklaring på få konkurrentar i Norge, er at det er ein dyr sport. Både ski og sko kostar kring 8 000 kroner kvar. I tillegg trengs det ei lang rekkje tryggleiksutstyr.

Haukøy har drive med skialpint i tre-fire år. Medan toppturar på Ski er i skotet som aldri før, er det berre dei mest ivrige som konkurrerer på toppnivå i sporten randonée.

I sporten startar deltakarane samstundes å klatre oppover fjellsida. Til slutt er det om å gjere å kome seg raskast ned att og i mål.

- Eg tykkjer det er kjekt å gå toppturar, samstundes som eg likar å konkurrere. Det er ein fin kombinasjon, seier ho.