Hopp til innhold

Til Sierra Leone for å byggje camp for ebolahelsearbeidarar

Søndag set eit team seg på eit fly til det ebolasmitta landet Sierra Leone for å byggje og drive ein camp for helsearbeidarar. Blant dei er Terje Molvik frå Høyanger.

Terje Molvik frå Høyanger skal til Sierra Leone for å bygge camp

ERFARING FOR LIVET: Terje Molvik frå Høyanger har i mange år ønska å jobbe ute i felten. No får han sjansen: Han skal til Sierra Leone og bygge ein camp for helsearbeidarar.

Foto: DSB

– Eg føler det er litt naivt å tenke at ebolaen ikkje vil spreie seg, kanskje også til Norge. Og da må det vere flott å kunne vere med og bidra til at han vert stansa, så det ikkje spreier seg, seier Terje Molvik.

Saman med 19 andre skal han jobbe med å bygge opp ein camp for helsearbeidarar i det ebolasmitta landet Sierra Leone.

Det heile skjer i regi av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) Og Sivilforsvaret, som har laga ei gruppe kalla Norwegian Support Team.

For Molvik, som har vore aktiv i Sivilforsvaret i mange år, har det i lenge vore ein draum å få vere med i eit slikt arbeid, fortel han til NRK.

– Eg har høyrt mykje om organisasjonen, og eg har alltid synst han har vore fascinerande og hatt lyst til å vere med. Så tok eg grunnkurset i Norwegian Support Team. Etter at tok fleire kurs, og fekk eg no tilbod om å vere med, så takka eg ja.

Byggar opp "landsby"

Molvik er glad for å ha fått mogelegheita til å reise til det ebolasmitta landet for å bygge ein leir. Saman med han er det ein gjeng arbeidarar som har vore verda rundt i liknande oppdrag, og han er glad for å reise ned med ein erfaren gjeng.

Dei skal bygge opp ein teltlandsby for om lag 70 helsearbeidarar som er i landet for å behandle ebolasmitta pasientar. Leiren skal byggast opp i byen Moyamba, som ligg 120 kilometer aust for hovudstaden Freetown.

– Kva skal du gjere i Sierra Leone?

– Først skal vi på eit tredagars kurs med engelskmenn i Freetown, så skal vi reise ut og ta imot 80 tonn utstyr som kjem. Det skal vi setje opp og få klart til helsearbeidarane kjem. Dette blir ein teltleir, med svære telt som vi sett opp med både sovetelt, kontortelt, dusjar, doar, kjøkken. Så det er masse arbeid og utstyr som skal på plass.

Molvik skal vere i landet fram til midten av januar – da kjem det eit nytt team for å avløyse dei som drar ned no.

– Korleis blir det å vere borte så lenge?

– Eg har jo to ungar som eg eigentleg skulle ha i nyttårshelga som eg dessverre ikkje kan no, men eg har jo snakka med dei, og dei synst det var greitt. Familien elles synst det var greitt. No var eg litt egoistisk og sa ja, sidan det er noko eg har hatt lyst til så lenge.

Ikkje redd for ebola

Tidlegare i haust vart den norske legen Silje Lehne Michalsen, som jobba for Leger utan grenser, smitta av ebola da ho jobba i Sierra Leone. Molvik er ikkje uroa av tanken på å dra ned i kriseområdet no.

– Vi skal jo passe oss. Vi må vere forsiktige, for vi skal drifte ein camp. Vi skal ha full innsjekkingskontroll over kven som skal inn og ut. Vi skal måle temperaturane på kvarandre to gongar om dagen. Vi har eigen lege med oss, seier Molvik og fortsett:

– Vi har starta å ta malariamedisin og vi skal på tryggleikskurs i tre dagar når vi kjem ned dit, så eg føler at det som kan gjerast er gjort. Følgjer vi desse reglane, så trur eg det skal gå trygt og godt.

– Kva betyr det for deg å vere der nede og møte dei som jobbar med dei ebolasmitta?

– Eg synst det er spennande, og det står verkeleg respekt av dei helsearbeidarane som skal ned og jobbe i fronten. Så eg føler meg privilegert som får lov å vere med på det. Det er ei livserfaring, seier Molvik, før han avsluttar:

– Det kriblar i magen berre eg tenker på det no, men eg er ikkje redd for ebolaen for å seie det slik. Sjølvsagt er ein nervøs, men det er mest fordi eg ikkje er så glad i fly. Men eg er glad for å reise med ein erfaren gjeng. Dei har vore ute ein hard dag før.