Hopp til innhold

Hotellet reiser seg frå oska som fugl fønix

Fire og eit halvt år etter at Hopstock hotell i Vik brann er det i ferd med å reise seg att. Førre veke kunne eigarane gle seg over at finansieringa er i boks.

Blix Hotell i Vik

TAR FORM: Blix hotell vil bli eit kjærkome tilskot til bygda som har stått utan hotell etter at Hopstock hotell brann i 2010.

Foto: Odd Inge Gjeraker

– Her er det tusen ballar i lufta, det er veldig travelt, og det skjer veldig mykje. Men det er sånn "positiv travelt", fortel hotelleigar Jorunn Åsfrid Røyrvik.

Ho kjøpte det brannherja hotellet i 2014 for tre millionar kroner, og saman med Røyrvik eigedom eig ho femti prosent av hotellet. Hopstock hotell fekk omfattande skadar i brannen i 2010.

– Bygda treng hotellet

– Det har vore etterspurt å få bygt opp att hotellet. Vik treng eit hotell på mange måtar. Men no byggjer vi på alvor.

I førre veke vedtok Vik kommunestyre å løyve 1,7 millionar kroner til oppattbygginga. Dermed er fullfinansiering for eigarane i boks.

– Vi er veldig takksame for tilskotet. Hotellet har ein viktig funksjon. Det merkar vi på at vi får mykje støtte i bygda, folk set stor pris på det.

– Det er viktig og utløysande å få få finansieringa på plass. Det er slike ting som tar tid, men det har heldigvis gått greitt.

Jorunn Åsfrid Røyrvik

TAKKSAM: Jorunn Åsfrid Røyrvik.

Foto: Privat

Tett tak

Det er mykje arbeid som står att sjølv om taket endeleg vart lagt i førre veke.

– Bygget har stått i fire og eit halvt år med mykje skadar etter brannen. I tillegg har hotellet blitt herja med av både vêr og vind i perioden. Så det er mykje som skal gjerast.

Etter at takstolar var på plass kunne eigarane markere det med tradisjonelt kranselag.

– Men vi åt kransekake, ler Røyrvik.

No som bygget er i ferd med å ta form att er det mange som lurer på korleis hotellet vil sjå ut. Både innvendig og utvendig.

– Det kjem til å skje mykje byggmessig i 2015. Ein del av bygget kan restaurerast, men det har fått mykje skadar så mesteparten er nybygt. Det er eit stort prosjekt.

Opningsdato ikkje klar

– Ein vil kjenne seg att inni bygget, men det vil bli sjåande litt annleis ut. Men resepsjonen og spisesalen vil i hovudsak vere der dei er no.

– Eg har tenkt på stilen innvendig. Det blir 2015-stil for å seie det slik. Men det blir også litt blanding.

Røyrvik vil førebels halde korta tett til brystet, og ikkje røpe for mykje.

– Vi torer ikkje å kome med opningsdato enno, seier Røyrvik.

Ho legg ikkje skjul på at ho er spent på kor raskt ting vil skje framover, og at det framleis er avklaringar å gjere med entreprenørar.