NRK Meny
Normal

Honnør-debatt

Kvifor skal personar som har passert 67 år plutseleg få billegare billettar på teater, kollektivtransport, årskontingentar og mykje anna? Det forstår ikkje Astrid Juklestad. Hennar utspel om å droppe ordninga med honnørrabatt har skapt stort engasjement!

Astrid Juklestad og Jostein Midtbø

USAMDE OM HONNØRRABATT: Astrid Juklestad, og Jostein Midtbø.

Foto: Per Kristian Grimeland/Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg må seie eg er litt overraska over det engasjementet som utspelet mitt har fått, seier Astrid Juklestad.

På fylkesårsmøtet til Venstre kom ho med eit hjartesukk frå talarstolen etter at ho hadde fått brev om at ho no fekk redusert partikontingent fordi ho var fylt 67 år. Ho trur pensjonistane har råd til å betale det same som andre.

– Ofte er det snakk om snakk om småpengar, men eg tykkjer godt vi kan få ein debatt.

Mange reaksjonar

Astrid Juklestad

VIL IKKJE HA HONNØRRABATT: Astrid Juklestad.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Og utspelet har fått mange til å reagere, sjølv om ho har fått mange støtteerklæringar, er det ikkje alle som er like begeistra, og meiner at honnørrabatten er eit gode dei eldre må få ha. Og Juklestad forstår kritikken, og presiserer at ho ikkje vil fjerne honnørrabatten heilt.

– Det eg sa på møtet var at dette sjølvsagt ikkje skulle gjelde for uførepensjonistar og minstepensjonistar. Dei må sjølvsagt få honnørrabatt og den skal dei skal bruke med godt samvit.

I dagsendinga til NRK Sogn og Fjordane torsdag møtte Juklestad fylkesleiar i Pensjonistforbundet, Jostein Midtbø til debatt om honnørrabatt:

Trass mange reaksjonar, pensjonisten frå Jølster angrar ikkje på at ho tok bladet frå munnen, og sa det ho meiner om ordninga med honnørrabatt.

– Nei, dette er mi meining, så får andre meine det dei meiner. Det tykkjer eg er heilt uproblematisk.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå