Hopp til innhold

Ho skjemst over å få honnørrabatt

Astrid Juklestad synest det er skammeleg at ho skal sleppe billegare unna på grunn av alderen sin.

Astrid Juklestad

SEIER NEI TIL HONNØRRABATT: Astrid Juklestad meiner dei fleste pensjonistane har råd til ordinær billettpris.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg blir skjemd! Eg synes det er usmakeleg at eg som ein frisk og oppegåande person med rimeleg god økonomi skal betale mindre enn andre.

Astrid Juklestad kom med dette hjartesukket på fylkesårsmøtet til Venstre. Ho trur pensjonistane har råd til å betale det same som andre.

Kva synest du om ordninga med honnørrabatt? Sei di meining i kommentarfeltet nedst i artikkelen!

– Kanskje kunne alle fått billegare billettar om vi pensjonistar hadde betalt same prisen som andre? spør ho.

– Men gjennom eit langt yrkesliv har du gjort mykje meir, og gjeve mykje meir tilbake til samfunnet enn det ein 30-åring har. Fortener ikkje du då å få litt billegare billettar?

Nei, ærleg tala! Det synest eg ikkje. Eg nektar å betale mindre kontingent til Venstre fordi eg er blitt 68 år gammal. Eg vil betale den kontingenten som andre betalar.

Tal frå NAV syner at kjøpekrafta til norske pensjonistar har auka med 40 prosent frå 2002 til 2011. Om lag 700 000 mottek alderspensjon i Norge.

– Dei fleste har god råd

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn synest det var eit forfriskande innlegg.

– I gamle dagar var det slik at dei fattige i Noreg i stor grad var minstepensjonistar. Men når vi no ser på fakta om kven som er fattige så er det ofte barnefamiliar, gjerne med innvandrarbakgrunn, medan pensjonistar flest har veldig god råd.

Jostein Midtbø

USAMD: Pensjonistleiar Jostein Midtbø meiner mange eldre har dårleg råd.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Men fylkesleiar Jostein Midtbø i Pensjonistforbundet meiner ordninga med honnørrabatt på rutegåande transport bør halde fram.

– Det er heilt klart at vi har betre økonomi i dag enn pensjonistar hadde tidlegare, men vi må ha honnørrabatt av omsyn til dei pensjonistane som har dårleg økonomi. Og det er framleis mange av dei.

– Skjemst ikkje

Og han skjemst ikkje over å få billegare billettar på buss og båt.

– Nei, eg skjemst ikkje. Og eg trur ikkje nokon andre skal gjere det heller. Vi har gjort vår jobb og teke del i samfunnslivet gjennom mange år. Desse kronene skal vi ta imot og vere glad for.

Astrid Juklestad er klar over at ikkje alle pensjonistar som har like god råd som ho.

– Eg veit at særleg eldre, einslege damer kan ha dårlegare råd. Og kanskje pensjonistar opp i åttiåra. Men generelt trur eg at vi som nettopp har blitt pensjonistar har god råd til å betale den prisen ei vare kostar.

Kommentarfeltet er no stengt for nye innlegg.