NRK Meny
Normal

Holck fekk fleirtal på Eidsvoll for at Norge skulle styrast av ein konge

Av dei fem frå vårt fylke som var med på grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll var det utan tvil Ole Elias Holck (1774-1842) frå Lavik som gjorde seg mest gjeldande.

Alværa og Ole Elias Holck

BUDDE STANDSMESSIG: Her på Alværa ved Lavik budde Eidsvollmannen og offiseren Ole Elias Holck.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Han gjorde seg bemerka alt frå første dag, seier Geir Sørebø, som har studert den 450 sider lange dagboka til Holck. Det starta med at det vart valt ein konstitusjonskomité som skulle legge fram 11 punkt.

– Det aller første punktet gjekk på at Norge skulle vere eit fritt, uavhengig og udeleleg monarki. Det fann ikkje Holck heilt tilfredsstillande, han meinte mangelen var at det ikkje var presisert tydeleg at landet skulle ha ein konge.

Dermed tok Holck ordet med ein gong og kom med eit tilleggsforslag, at Norges regent skulle ha tittelen konge. Dette skapte stor debatt - ein debatt som varde ein heil dag på Eidsvoll.

Det enda med ei skriftleg avrøysting, der Holck fekk støtte av Christian Magnus Falsen og til slutt fekk klart fleirtal for at det måtte veljast ein konge.

Geir Sørebø

HAR STUDERT HOLCK: Geir Sørebø har gått gjennom den 450 sider lange dagboka til Ole Elias Holck.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sersjant som 15-åring

Geir Sørebø fortel om ein mann som var son til ein offiser, og som heilt frå han var liten vart oppdregen til å bli yrkesmilitær.

– Han var faktisk sersjant a la suite, som det heitte, frå han var 15 år gamal. Før det hadde han vore hjå ein offiser i Bergen, truleg frå han var ti år gamal, for å ta til på ei militær utdanning.

Holck hadde ein bror som vart general, og to døtre som vart gift med offiserar, så dei fleste menn i den nære familien hadde ein yrkesmilitær karriere.

Ole Elias Holck

I UNIFORM: Ole Elias Holck slik han såg ut rundt 1814.

– Stor tillit

Då det vart valt utsendingar til Eidsvoll i 1814 var Ole Elias Holck stasjonert i Østfold, og der vart det føreteke val mellom dei militære. Holck vart då vald som den første utsendingen frå Bergenhusiske Regiment. Nils Johannesson Loftesnes frå Sogndal var den andre.

– Det er ikkje klart kvifor Holck vart vald, men han må ha nytt stor tillit mellom dei militære som var i Østfold. Han hadde og vore seks-sju år som militær nært knytt til kongehuset i København, seier Sørebø.

Ole Elias Holck-minnestøtte

MINNESTØTTE: Mellom E39 og hovudhuset på Alværa står dette minnet om Ole Elias Holck.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Var ingen demokrat

Holck var sentral i ein debatt mot slutten av samlinga på Eidsvoll. Det vart usemje om Eidsvoll-forsamlinga skulle bli verande og fungere som eit slags storting, eller om dei skulle vedta grunnlova og så reise heim. Holck argumenterte for det siste.

Her var forsamlinga delt på midten, det enda med 55 røyster til kvar av framlegga. Men det vippa til fordel for Holck sitt syn då Christian Magnus Falsen støtta hans framlegg.

I 1814 var Ole Elias Holck langt frå nokon utprega demokrat. Han ville ha ein sterk konge til å styre landet, fortel Geir Sørebø.

– Det var hans ideologiske bakgrunn at det opplyste eineveldet med ein eineveldig konge var den beste styreforma. Og vi ser at det skin gjennom når han på Eidsvoll så sterkt går inn for ei sterk kongemakt. Men etter som tida gjekk forandra han nok litt synet sitt på dette.

Klar til kamp for fedrelandet

Som offiser i Østfold var Holck også klar til å delta i krigen mot svenskane i juli/august 1814, men han kom aldri i direkte kamp, fortel Sørebø.

– Han var stasjonert i Rakkestad. Han kom aldri i kamp, men det var nære på. Det var venta at hovudslaget skulle stå der han var stasjonert. Han skriv i dagboka at han var fullt beredt til å gje sitt liv for fedrelandet.

Kong Christian Fredrik

GAV RÅD TIL KONGEN: Kong Christian Frederik søkte råd hjå Holck.

Men kong Christian Frederik trekte dei norske styrkane tilbake. Dette var til stor frustrasjon for offiserane og soldatane, også Holck.

– I ettertid har det vist seg at kongen ikkje var berre feig, men rett og slett ein god strateg. Han forstod situasjonen, han såg at Norge ikkje ville ha ein sjanse i ein krig mot styrkane til Karl Johan, seier Geir Sørebø.

Gav råd til kong Christian Frederik

Av dagboka til Holck går det fram at han eit par gonger vart bodsend av kongen for å gje råd.

– Kva råd Holck gav kongen veit vi ikkje, seier Sørebø. Men i dagboka si skriv han at kongen var i villreie, og at han gav sine råd, utan at vi veit kva dei gjekk ut på. Men det går fram at Holck innsåg at Norge ikkje kunne vinne, særleg sidan kongen ikkje hadde krigserfaring.

Dermed vart det forhandlingar i Moss, der det vart inngått ein avtale med svenskane. Christian Frederik måtte trekkje seg som konge, og Norge kom i union med Sverige.

Ole Elias Holck-minnestøtte

REIST I 1914: Inskripsjonen på minnesteinen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ole Elias Holck var og stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus Amt i 1818, 1824 og 1839, utan at han sette tydelege spor etter seg på desse samlingane.

Derimot har kulturinteressa hans sett spor etter seg. I 1834-35 skreiv han «Forsøk til ein Beskrivelse av Ladeviks Prestegjeld», han skreiv ei avhandling om Gulatinget, og han hadde ei stor samling av fornminne.

Minnestøtte

Geir Sørebø meiner Holck var høgt verdsett mellom bygdefolket i Lavik, sjølv om han som offiser ikkje hadde veldig mykje å gjere med folk flest.

– Han høyrde til ein embetsstand som nok var på eit anna nivå enn folk i sin alminnelegheit i Laviks prestegjeld, som det då heitte. Derimot ser vi at når embetsmenn som t.d. biskopar var på reise i området, så gjorde dei gjerne ein stopp hjå Holck på Alværa.

Og i 1914 vart det avduka ein høgreist minnestein over han, i samband med 100-årsfeiringa av grunnlova.

Holck vart i 1812 gift med Karen Sophie Hansen, og dei overtok barndomsheimen hennar, futegarden Alværa i Lavik. Det staselege bustadhuset har stått på garden sidan 1773. Då vart det flytta frå Bjordal på sørsida av Sognefjorden, det vart freda i 1923.

I samband med grunnlovsjubileet har Riksantikvaren løyvd pengar til å sette i stand hovudbygningen.

Den 29. juni i år skal det vere eit arrangement på Alværa for å minnast Ole Elias Holck og arbeidet med grunnlova.

Alværa i Lavik

STASELEG HUS: Hovudhuset på Alværa har stått der i over 240 år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå