NRK Meny
Normal

Høgst snittinntekt i Årdal

Likningstala for i fjor viser at det er stor skilnad på gjennomsnittsinntektene i dei forskjellige kommunane i fylket. Årdal kommune har høgst gjennomsnittsinntekt, medan Hyllestad og Fjaler har minst.

Årdalstangen

Folk i Årdal har høgst snittinntekt av kommunane i fylket. Det viser tal frå likninga for 2009.

Foto: Atle Romøren

- Dette er vel bra, seier ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid.

- Tener godt på skiftarbeid

For i Årdal er snittinntekta til innbyggjarane 254 000. Hyllestad er i den andre enden av skalaen, der er snittinntekta nesten hundre tusen kroner mindre, på 159 000.

- Ei høg snittinntekt er sjølvsagt bra for kommunen fordi vi då får meir i skatteinntekter, seier Lægreid til NRK.no.

Arild Ingar Lægreid

Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid trur skiftarbeid er noko av grunnen til høg snittinntekt i kommunen.

Foto: Hanne Stedje, porten.no

Han seier sjølv han ikkje har nokon fasit på kvifor innbyggjarane i kommunen har høgst snittinntekt, men trur arbeidsplassane ved Hydro har sitt å seie.

- Generelt tur eg årdølane tenar godt. Mange arbeider for eksempel ved Hydro der det er skiftarbeid. Og eg har eit inntrykk av at skiftarbeid er litt betre betalt enn anna arbeid, seier Ådal-ordføraren.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Mange har lågtlønna jobbar

I Hyllestad veit ordførar Tore Bråstad allereie at kommunen kjem dårleg ut.

- Vi ser av våre skatteinntekter at innbyggjarane i vår kommune ikkje er dei som tenar mest i snitt, seier Bråstad.

Tore Bråstad

Hyllestad-ordførar Tore Bråstad.

Foto: Simon Solheim / NRK

Heller ikkje Hyllestad-ordføraren kan peike ut éi årsak til dette.

- Men eg trur det har noko med typen arbeidsplassar å gjere. Mange jobbar innanfor skule og omsorg som ikkje er jobbar som er spesielt godt lønna, seier Bråstad.

Han viser også til at ei av dei største verksemdene i kommunen, verftet Havyard Leirvik også sysselset ein del utan høgare utdanning.

- I tillegg har eg inntrykk av at industriarbeidarane på Hayvard ikkje har fullt så godt betalt som skiftarbeidarane ved Hydro i for eksempel Årdal, seier Bråstad.

Få millionærar i Hyllestad

Hyllestad-ordføraren viser vidare til at det i Hyllestad er få millionærar som trekk opp snittet.

For medan dei ti personane som er på topp i Årdal kommune alle tener meir enn 1,3 millionar, er det blant topp ti i Hyllestad berre tre millionærar.

- Det hadde sikkert gjort seg med fleire millionærar. Så viss det kjem millionærar hit, så skal vi sjølvsagt ta godt vare på dei, seier ein lattermild Tore Bråstad til NRK.no.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser