Hopp til innhold

Nordmenn meir nysgjerrige enn svenskar?

Medan nordmenn kan fråtse i skattelistene på nett er ståa annleis for naboane våre. I Sverige må ein sjølv oppsøke skattekontora for å få tilsvarande opplysingar.

Video Nordmenn fråtsar i skattelistene

SJÅ TV-SAKA: Er vi nordmenn nysgjerrige?

Det er ikkje like stort hysteri kring skattelistene hjå verken finnar, islendingar eller svenskar. Opplysingar om naboens inntekt eller kjendisar si formue er ikkje like lett tilgjengeleg som i Noreg.

Overraska over norsk praksis

Johan Bengtsson er ein av mange svenskar som har busett seg i Noreg. Sjølv hugsar han godt reaksjonen då han fyrst oppdaga den norske måten å offentleggjere skattelistene på.

– Eg vart overraska over kor stor plass skattelistene fekk i media det fyrste året eg kom hit. I Sverige vert det nokre gonger sett søkjelys på dei som har gjort store økonomiske lovbrot, men for det meste er det kjendisar som vert dregne fram.

Snokar i smug

Sjølv om skattelistene er opne for alle trur Bengtsson kanskje at mange skammar seg litt over «snokinga» på listene.

– Eg trur nok mange er innom i smug, og eg har kanskje vore det sjølv også ein og annan gong.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johan Bengtsson

PÅ OPPMODING: Johan Bengtsson let seg freiste av journalistane og sjekkar likninga til statsministeren. Foto: NRK/Vegard T. Foseide

Foto: Vegard T. Foseide / NRK

Då Bengtsson flytta til Noreg tykte han norsk media heldt høg etisk standard i forhold til svenske medier, men med eitt unntak: skattelistene.

– Det har kanskje med tradisjon å gjere. I Noreg kan likninga til kven som helst kome i avisa og de har ein lang tradisjon med offentlege skattelister.

Ynskjer mindre tilgang

Bengtsson tykkjer det er positivt at skattelistene er offentlege, men meiner det er altfor lett å få tak i informasjonen.

– Det burde ikkje vere fullt så lett å søke i skattelistene på internett som det er i dag.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.