Hopp til innhold

Høgre-vind i Sp-bastion

Høgre-veteranen Mathias Råheim har gjort eit brakval i Sp-bastionen Gaular. Fem nye mandat får han med seg i det nye kommunestyret.

Mathias Råheim

VETERAN: Mathias Råheim vert ny ordførar i Gaular.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Dermed tel Høgregruppa i Gaular kommunestyre heile åtte personar.

– Dette er over all forventing, seier ein kjempenøgd Råheim då nrk.no ringjer han midt under oppteljinga av røyster i rådhuset på Sande.

Råheim reknar med det skal gå greit å sikre seg ordførarklubba sidan partiet er desidert størst i den gamle Sp-bastionen. Hjelp til å sikre seg fleirtal reknar han med å få frå gamle samarbeidspartnarar i kommunestyret.

Høgre fekk 37,4 prosent av røystene. Dette er ein framgang på 25,1 prosent. Verre gjekk det med partiet til sitjande ordførar, Jenny Følling frå Sp. Partiet mister to mandat og går tilbake med 16,4 prosent.

Resultat frå kommunevalet i Gaular.