Hopp til innhold

Høgre-tap i Naustdal

Naustdal er kjerringa mot straumen i dette kommunevalet, for der går Høgre kraftig tilbake.

Ordførar Håkon Myrvang i Naustdal

Ordførar Håkon Myrvang (t.v.) og varaordførar Harald Kvame (t.h.)

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Frå 30,4 prosent ved forrige kommuneval må Høgre konstatere at dei no er nede i 20,7 prosent. Partiet har hatt varaordføraren i Harald Kvame siste perioden, og han stiller til val på ny.

Venstre kapra veljarane

Og mykje tyder på at dei fleste Høgre-veljarane har gått til Venstre, som ikkje stilte til val sist. No får Venstre10,8 prosent, litt meir enn Høgre har gått tilbake.

Gruvesak og skulenedlegging

Ordførarkandidaten til Venstre, Øystein Djupvik, gjekk friskt ut i valkampen og tok til orde for skulenedlegging i Naustedalen. Dette kan ha skaffa partiet veljarar i sentrum. I tillegg har nok ein del gruvemotstandarar gitt røysta si til Venstre.

Motstand mot gruvedrift på Engebø er nok ei viktig årsak til at SV held oppslutnaden sin.

Det er Arbeidarpartiet som har hatt ordføraren siste perioden, Håkon Myrvang. Partiet kjem ut med om lag same oppslutnaden som for fire år sidan.

Her er valresultata i Naustdal .