Hopp til innhold

Høgre når ikkje fram i distrikta

AURLAND (NRK): Høgre gjer det dårleg i distrikta om dagen, og fleire høgrefolk innrømmer at delar av regjeringa sin politikk er vanskeleg å selje på bygda.

Erna Solberg med ei ku

ERNA GJER DET SVAKT PÅ BYGDA: Erna Solberg og Høgre har fleire svake meiningsmålingar i distriktsfylke og småkommunar den siste tida.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Ein må passe på at ein ikkje gløymer kva som er poenget med både politireforma og kommunereforma, nemleg å gje meir makt til det lokale. Det seier Høgre-ordførar i Aurland Noralv Distad.

Med sine vel 1700 innbyggjarar er Aurland ein liten vestnorsk distriktskommune, og med eit valresultat i 2015 på 33,2 prosent er det ein av Høgre sine betre småkommunar.

No ser Høgre ut til å vere svekkja i slike distriktskommunar, og fleire peikar på regjeringa sine reformer som ein mogleg grunn til det.

Den blåblå regjeringa har sett i gang eit storstilt reformarbeid sidan dei tok over makta i 2013. Noko av dette arbeidet har av nokre vorte skulda for å vere sentralisering, og særleg kommunereforma og politireforma har vore kontroversielle rundt om i landet.

Høgreordførar vil stå åleine

Høgreordføraren i Aurland har streta i mot både politireform og kommunereform for sin kommune, og særleg at han har mista det lokale politikontoret likar han dårleg.

– Vi aksepterer ikkje den avgjerda som er teke, og meiner veldig sterkt at det er feil, seier Distad.

Laster innhold, vennligst vent..

Alle meiningsmålingane er henta frå pollofpolls.no.

Politikontoret skal nemleg vekk frå kommunen som ein del av politireforma til regjeringa. Det forstår Distad lite av.

– Vi har veldig store avstandar i vår kommune, vi har ein stor gjennomgangstrafikk, veldig mykje turisme og vi er faktisk den kommunen i landet med flest kilometer med tunnelar i heile landet. Då må vi ha politi med tenestestad i kommunen vår.

Noralv Distad på kontoret sitt

KRITISK: Ordførar i Aurland er kritisk til nedlegginga av politikontoret i kommunen, og vil også at kommunen hans skal halde fram som eigen kommune også i framtida.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Hardt råka kommune

Aurland har dei siste åra mellom anna vore råka av ein flaumkatastrofe, fleire dramatiske tunnelbrannar og ras. Ordføraren fryktar for tryggleiken utan eige politi.

– Det har mykje å seie for responstid, og gir oss ein betre beredskap. Dette er utruleg viktig for oss å ha eit politi som er tilgjengeleg for oss.

Laster innhold, vennligst vent..

Også når det kjem til kommunesamanslåing er Distad skeptisk.

– Vi vil vere i stand til å løyse nye oppgåver, og vi er i god stand til å løyse dagens oppgåver. Og vi meiner at vi gjer det best åleine slik vi er i dag.

Og sjølv om han i utgangspunktet er positiv til redusere talet på kommunar her i landet, er han krystallklar på at ein ikkje kan tvinge i hop kommunar.

– Målet er at kommunereforma skal gje meir makt lokalt, då må ein jo også ha tillit til at ein lokalt klarer å sjå kva som er best for sin kommune.

Flaum i Flåm

DRAMATISK: Det var dramatisk under flaumen i Flåm i 2014, og ordførar i Aurland Noralv Distad trur responstida vil bli dårlegare når politiet sitt kontor i kommunen no skal leggast ned.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Stortingskandidat ute av Stortinget

Frida Melvær er Høgre sin stortingskandidat før stortingsvalet til hausten, men på ei meiningsmåling som vart publisert i Firda denne veka har partiet mista mykje oppslutnad, og har ingen representantar inne på Stortinget ifrå Sogn og Fjordane.

– Vi er i ein prosess med mange reformer no, og det er klart at det kan skape uro hos folk. Forandring vekkjer kjensler, seier Melvær.

Ho meiner likevel at reformene er til det beste for folk, og ho seier at jobben no blir å overtyde folk i distrikta om det.

– Vi har nok ikkje vore gode nok til å fortelje folk om dei positive konsekvensane av desse reformene. Til dømes har nærpolitireforma stort potensial til å gje meir politi i gatene enn i dag.

Frida Melvær

MÅ KOMMUNISERE BETRE: Askvoll-ordførar og stortingskandidat Frida Melvær innrømmer at Høgre må bli betre til å kommunisere politikken sin ute i distrikta.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vil vere talsperson for distrikta

I ei tid då Høgre kjempar i oppoverbakke på målingane i distrikta, vil Aurland-ordføraren gjerne kjempe for å gje utkantane meir gjennomslag i partiet.

– Dei små kommunane må varetakast på ein betre måte, og eg vil gjerne vere ein talsperson for dei mindre kommunane og dei små bygdene innanfor Høgre.

Samstundes vil Distad gjerne gje regjeringa honnør for at dei faktisk torer å drive fram reformer, og at dei er opne om det.

– Arbeidarpartiet har drive med sentralisering i mange år, men dei har ikkje snakka ope om det. Det har berre skjedd utan noko debatt.

Laster innhold, vennligst vent..

Distad nemner fleire område der han meiner tidlegare regjeringar har sentralisert vel så mykje som dagens regjering.

– Politiet, helsesektoren, likningsvesenet og posten har vorte sentraliserte i lang tid, men det har skjedd heilt utan offentleg debatt.

Og det viktigaste Distad vil kjempe for å få partifellane sine til å forstå, er at det ikkje går så gale som mange trur i utkantane.

– Det går bra i distrikta. Vi har låg arbeidsløyse, vi har vekst i næringslivet og folketalet er stigande.